![Liv Østrem Foto Ef – Me voner denne artikkelsamlinga vil sette bøndene i stand til å velje eigne strategiar i kampen mot siv som ugras, seier forskar Liv Østrem i NIBIO. Foto: Erling Fløystad](https://www.agropub.no/uploads/tibefocalpoint/6c4998a59db2176383b77129d9a3f411.jpg)
Tiltak mot siv
Siv i eng og beite er eit aukande problem. Den beste tida for å slå ned sivet er frå no og utover hausten. I juli og august er næringslageret i sivplantene på det lågaste.
![Korsmo Pl 80 Hel Ret H35 Korsmo Pl 80 Hel Ret H35](https://www.agropub.no/uploads/tibefocalpoint/3ab0bf630b6dbb85ef4eb2774f1032a2.jpg)
Lyssiv og knappsiv har vorte svært synlege ugras dei siste tiåra. Auken har vore mest synleg i kystområda på Vestlandet og litt innover i landet. Siv er lett synleg i ekstensivt driven eng og beite, og det er i aukande grad også eit problem i yngre eng i tilsynelatande god drift.
Siv reduserer fôrkvaliteten og påverkar såleis negativt mjølke- og kjøtproduksjon. I ytterste konsekvens kan siv gjera eng og beite ubrukeleg som fôrgrunnlag til dyr og kan redusera motivasjonen for vidare landbruksdrift.
Toler pakka og våt jord
Siv er godt tilpassa vekst på pakka og våt jord ved at dei kan transportera oksygen til røtene gjennom eit porefylt vev i stengelen. Når jorda vert pakka av tunge maskiner, ofte ved hausting i nedbørrike periodar, trivst ikkje graset godt. Siv-artane, lyssiv og knappsiv, toler luftmangel i jorda betre enn graset. Sivet tek gradvis over plassen, særleg på myrjord og anna jord med høgt innhald av organisk materiale, når jorda er dårleg drenert.
I utmarka vil siv vera spesielt problematisk sidan det ofte er vanskeleg å koma til med slåtte- eller pusseutstyr.
Tapp sivet for næring
Som for andre fleirårige ugrasarter blir tiltak mot siv meir effektive viss dei vert nytta når plantene har lågast lager av karbohydrat, og minst evne til gjenvekst. Då vil gjentatt fjerning av overjordiske deler tappe sivet for lagra næring, og det vil etter kvart svekkast betydelig. I praksis er beitepussar og ryddesag med trekantblad aktuelle tiltak, og no er det rett tid for å kutte sivet. Låg kutting har best verknad.
– Ryddesaga er særleg aktuell til å fjerne tuer av siv i eng og beite før dei vert for mange, seier forskar Samson Øpstad i NIBIO.
Samla kunnskap
Forskarane i NIBIO har i fleire år forska på tiltak mot siv i ulike prosjekt saman med Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Norsk Sau og Geit. No er ei samling på 11 fagartiklar som har stått på trykk i Bondevennen, samla i eit hefte. Dette heftet har både praktiske råd om kontroll av siv i eng og beite, og informasjon om bakgrunnen for problema og tiltaka.
– Me voner denne artikkelsamlinga vil sette bøndene i stand til å velje eigne strategiar i kampen mot siv som ugras, seier forskar Liv Østrem i NIBIO.
– Målet er at dette heftet, med ei samla oversikt over det me veit om siv i dag, gir grunnlag for praktiske tiltak i kampen mot siv i tradisjonell og økologisk drift. Kunnskapen gir også grunnlag for rettleiingsteneste og forvalting til å målretta råd og tiltak.
Medverkande i formidlingsprosjektet har vore fagfolk frå NIBIO, Norsk Landbruksrådgiving og NMBU. Landbruksdirektoratet løyva midlar til formidling, som i tillegg til serien med fagartiklar omfatta markdagar og fagmøte.
Les mer
Bach, O. 2018. Sivet med det hemmelige våpenet. NLR Trøndelag SA, 10.12.2018
Grøtta, M. 2023. Mekanisk ugraskamp på høsten. NLR Nordvest, 8.9.2023
Se også:
Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no