Gjødsel & næring

Sedimentær jord-

Jord som er avsett i vatn blir kalla sedimentær jord. Vi har både sedimentær jord som vart avsett frå breelvane under siste istid, og sedimentær jord avsett frå elvane i dag.

Frå istida har vi fått mange typar sedimentær jord. Smeltevatnet frå breisen førte med seg store mengder grus, sand og leire. Det grovaste materialet la seg på botnen der vatnet strøymde sterkt, og finst i dag att som grusryggar, terrassar og dalfyllingar med lagdelt grus og sand. 

Det finaste slammet vart ført til havs, og er opphavet til leirjorda vår. Store delar av Austlandet og Trøndelag var dekt av hav i istida. Det meste av leirjorda finst derfor her.

Elvesletter

Jorda i mange u-forma dalar er bygd opp av elvar som går i store svingar på ei flat elveslette (meandrerande elvar). I yttersvingen er straumen kraftigast, og her grev elva. I innersvingen har vatnet liten fart og legg att og grus og sand. Lausmaterialet blir dermed liggjande lagvis og godt sortert.

Elvesand

Elvesanden er ofte rik på kvarts og dermed fattig på næringsstoff. Eit unntak er sandjord med mykje glimmer. Er det mykje glimmer i jorda, er oftast forsyninga av kalium og magnesium god. Ho held også betre på andre næringsstoff.

Gode eksempel på det er elveslettene i nabodalane Surnadal og Sunndal på Nordmøre. I Surnadal er det omtrent ikkje glimmer i jorda, og lite kalium og magnesium. I Sunndal, der det er mykje glimmerrik gneis i fjellet, er det rikeleg med kalium og magnesium i jorda.

Sand, silt, leire

Sand, silt og leire er alle sedimentære jordartar.