Gjødsel & næring

Morenejord-

Denne jordtypen er variabel.

I løpet av dei siste 2 - 3 millionar år var Norge dekt av innlandsis fleire gonger. Under siste istid hadde innlandsisen størst utbreiing for 18 000 år sidan, og isen låg opp til 3 000 m tjukk over Skandinavia. Isen var som ein tung, seig masse som skyvde med seg lausmateriale, braut laus stykkje frå berget og slipte, skrapa og knuste steinblokker ned mot grunnen. Isbreane førte med seg lausmassar frå fjellsidene som blei liggjande igjen da isen smelta. Det er dette vi kallar morenejord. Den inneheld materiale med ulike kornstorleikar, frå leire til store blokker. Du finn ikkje tydeleg lagdeling i slik jord; alt er rota om kvarandre. Det er ofte mykje stein i morenejord.

Opphavsmateriale og transportlengde

Bergartane morenematerialet er danna frå og kor langt det er blitt transportert med isen, bestemmer eigenskapane som dyrkingsjord.

Harde bergartar, slik som granitt og gneis, resulterer i grovkorna morene med mykje steinar og blokker. Leirskifer og gabbro, som er mjuke bergartar, kan derimot gi finkorna og næringsrik morenejord. Slik jord er gjerne passe fuktig og forholda ligg godt til rette for å opparbeide god jordstruktur.