Plante-dyrking

Haustberande bringebær-

Haustberande bringebær gir blomster og bær på årsskota, bæra vil derfor modne etter at vanleg bringebærsesong er over. Slike sortar kan då dyrkast for å forlenge sesongen, men dei er såpass seine at dei bør dyrkast i tunnel her i landet.

Haustberande bringebær gir modne bær om hausten etter at sesongen for vanlege bringebærsortar er over. Grunnen til dette er at desse sortane gir blomster og bær på årsskota.

Fordeler

Det er ein fordel at bæra kjem seint, då er det mindre bær på markedet og gjerne betre prisar. I tillegg er det ein fordel at ein normalt fjernar alle skot om hausten eller vinteren. Dette gjer skjerearbeidet enklare og reduserar risikoen for opphoping av sjukdommar og skadedyr.

Det siste er ikkje minst viktig i økologisk dyrking.

Ulemper

Ulempa med haustbringebær er at dei er svært seine, derfor må dei hos oss dyrkast i plasttunnelar også i klimatisk gode område.

Den seine modninga gir mindre avling og dårlegare bærutvikling, i tillegg aukar det risikoen for gråskimmel på bæra.

Meir om

På desse sidene er det skrive litt om det som er spesielt for haustberande bringebær. Ein del er likt med vanleg bringebærdyrking.

>> Vekst og utvikling

>> Skjering og kulturmåte

>> Tunneldyrking

>> Jord og næringsforsyning

>> Jorddekke

>> Planting

>> Sortar

>> Sjukdommar og skadedyr

Det er liten produksjon av haustbringebær i Norge, også produksjonen av økologisk bringebær er totalt sett svært liten her i landet.