Plante-dyrking

Gråskimmel-

- i økologisk jordbærdyrking

Gråskimmel (Botrytis cinerea) gir ofte store avlingstap i jordbær. Smitten må ein rekne med finst i alle jordbærfelt, og det er derfor uråd å unngå smitte heilt. Regntak eller plasttunnelar er sikraste tiltaket mot gråskimmel i økologisk jordbærdyrking. Det vernar plantene mot regn og doggfall, og tørrare planter gir mindre problem med gråskimmel.

Gråskimmel jordbær
Gråskimmel (Botrytis cinerea) er den sjukdommen som vanlegvis gir størst avlingstap i jordbær (Foto: Erling Fløistad, Bioforsk Plantehelse).

Biologi

Soppen overvintrar som mycel eller sklerotiar (kvileknollar av tjukkvegga og tettpakka soppmycel) i gamle planterestar. Det meste av smitten kjem frå råtne eller rotnande planterestar i jordbæråkeren. Gråskimmel er ein svak parasitt og infiserer som oftast skadde plantedelar eller heilt ungt plantevev. Mycelet veks derimot lett frå ein daud til ein frisk plantedel ved kontakt.

Ulike angrep

Soppen kan angripe svært mange planteartar og gjer mellom anna skade på jordbær, bringebær, eple og søtkirsebær. I jordbær gir angrep på blad og blomsterstilkar gråbrune flekkar. Blomstrane vert infiserte i fuktig ver, og angripne blomsterdelar vert brune. Av og til kan heile blomsterklasar døy. Infeksjon i blomstrane vert ofte ikkje synlege, men sjukdommen kan utvikle seg, og råten viser seg først på kart og bær.

Under fuktige tilhøve kan råte utvikle seg allereie på grøn kart, som gråbrune flekkar med fast råte frå begeret. Men råten er vanlegast på modne og modnande bær. Bæra vert brune, blaute og etterkvart dekka av eit gråbrunt belegg av mycel og soppsporar (konidiar).

Sporulering gråskimmel på blad (Foto: R. Langnes)
Blad av sorten‘Jonsok’ i april. Blada har overvintra som grøne. Dei er i ferd med å visna,og sporulering bryt uti dei brune flekkane (Foto: R. Langnes).

Overjordiske delar og primærsmitte

Gråskimmel kan angripe alle overjordiske delar av jordbærplanta. Unge blad er mottakelege for infeksjon, men soppen held seg ofte latent til blada visnar, då han gjerne dannar sporar. Visne og visnande blad er viktige smittekjelder i jordbæråkeren. Kraftige angrep på blad kan svekke planta, men likevel er det angrep på blomster og bær som verkeleg gjer avlingsskade.

Blomsterstenglane kan angripast av gråskimmel før blomstring, og under fuktige tilhøve om våren kan dette gi like stort avlingstap som infeksjon av opne blomar. Særleg gjeld dette i breie, tettvaksande planterader som ved mattekultur. Blomstrane er mottakelege etter at dei har opna seg. Det er typisk at det er begerenden på bæret som først vert angripen. Dette er vanlegaste måten for primærsmitte i bæra.

Sekundærsmitte mellom bær

Det skjer også sekundærsmitte mellom sjuke bær og friske bær som heng saman. Både smitte i blomsten og utvikling av råte i bæra skjer lettast i regnver og/eller ved høg luftråme og temperaturar mellom 15 og 25 ° C.

Tiltak mot gråskimmel i økologisk dyrking

• Sterke sortar
• Regntak, plasttunnelar
• Drill. Opne, luftige, smale rader. Enkeltrader
• Fjerne rotne bær og gammalt lauv - reduserer smittepresset og gir luftigare planter
• Godt ugrasreinhald
• Dryppvatning
• Moderat gjødsling

Meir om

>> Sortar

>> Regntak, plasttunnel

>> Rader, vatning, gjødsling, bladfjerning

>> Biologiske tiltak