Fôrdyrking & beite

Fangvekstar-

Grønfôrvekstar kan og nyttast som fangvekst ved korn- og grønsakdyrking.

Fleirårig raigras og kvitkløver konkurrerer ikkje så sterkt med kornet og gir samstundes godt dekke seinhaustes.

Har ein husdyr, vil ein få betre utnytting av fangveksten ved å la dei beite, elles kan ein hauste ein eller fleire gonger. Då er truleg italiensk raigras eit betre alternativ enn fleirårig raigras, det gir jo større avling om hausten.

Raigras og ulike kløverartar er også aktuelle som del- eller mellomkulturar i grønsakdyrkinga. Tilsetjing av raigras til blandingar av korn, erter og vikker fungerer også som fangvekst ved at raigraset tek opp næring utover hausten og bind jorda.

Fôrreddik og fôrraps veks fort og dekkjer jorda raskt og kan derfor brukast som etterkultur. Ver merksam på faren for oppøksling av klumprot i alle krossblomstra vekstar.