Emne

Die- prosjekt og fokus på diekalv

Ku og kalv på Tingvoll gard (Foto: Britt I. F. Henriksen)

I regelverket for økologisk produksjon i Noreg i dag er det krav om at kalven skal få die i minst tre dagar etter fødselen. Ein del produsentar får dette til å fungere veldig bra, medan andre har problem med å få det til å fungere.

Hovudutfordringa er når ku og kalv skal skiljast. Det er særleg kua som kan oppleve dette traumatisk, og det blir mykje rauting etter kalven. Dette er sjølvsagt ikkje noko triveleg for røktar, og heller ikkje bra for kua.

Film: Lykkelige kyr hos Hans Arild Grøndahl

Kombinert diekalv og mjølkeproduksjon

Samtidig er det berre i ku- og geitemjølkproduksjon at avkom blir skilt frå mora mest rett etter fødsel. I økologisk landbruk ønskjer ein å tilgodesjå dyras naturlege åtferd. Ideelt sett skulle kalven derfor ha fått gått saman med morkua i fleire månader, til den blir naturleg avvent. Dette er vanskeleg å kombinere med moderne mjølkeproduksjon, men det er dei som får til mjølkeproduksjon der ku og kalv går saman i fleire veker. Det er også positivt for kalvens helse og tilvekst å få die mora i lengre periode. Eit forsøk ved Sveriges landbruksuniversitet (SLU) viste færre behandlingar av diarré ved diing ut over råmjølksperioden enn ved diing berre dei fire første dagane. I dei same besetningane var det også færre veterinærbehandlingar av kyr.

Ku og kalv på Tingvoll gard (Foto: Britt I. F. Henriksen)

Ta kontakt

Bioforsk Økologisk ønskjer å sette fokus på diing i mjølkeproduksjonen, og er interessert i gode løysingar og erfaringar som kan hjelpe andre til å få dette til å fungere. Bioforsk Økologisk er også med i eit prosjekt som skal sjå på løysingar for naturleg mjølkefôring av kalv i økologisk mjølkeproduksjon. Dette prosjektet blir leia av Veterinærinstituttet og har oppstart første september 2009 og varar til 31 august 2013. Prosjektet skal sjå på både økonomi, helse, oppstalling, seperasjon, forbrukarsyn og etikk.

Har du gode erfaringar eller tips om korleis tilrettelegge for diing i mjølkeproduksjon så ta kontakt med britt.henriksen@bioforsk.no.


>> Mer om prosjektet hos bioforsk