Husdyrhald & fôring

Syrning av mjølk ved hjelp av bakteriekultur

Riktig syrna mjølk gir ein stabil effekt i mage og tarm på kalv. Den sure mjølka gjer det vanskelegare for sjukdomsframkallande bakteriar å formeire seg og dermed påføre kalven sjukdom og diare.

Ved bruk av bakteriekultur er det svært viktig å være nøye med syrningstemperaturen. Er mjølka for kald for dei syrningsbakteriane som blir tilsatt vil andre bakteriar som godt greier å formeire seg ved ein kaldare temperatur kunne ta overhand. Dermed vil ein kunne få eit ugunstig produkt for kalven, som er ein risiko for kalvens helse. Dersom syrningstemperaturen er for høg går syrningsprosessen for langt. Mjølka blir veldig sur og mindre smakeleg.

Oppskrift:

Bruk skumma kultur- eller kulturmjølk. Ikkje Kefir eller Biola!

  • Bruk 2 liter til 100 liter mjølk
  • Syrning ved romtemperatur i to døgn. Kulturmjølk har optimal syrningstemperatur på 13 - 18 grader.
  • Pass på faren for feilgjering og halvgjering. Bruk godt reingjort syrningskar.
  • Lagring ved maks 10 – 12 grader, lagringstid opp til 3 veker.
  • Bruk ett kar til syrning og ett kar til lagring; halvsyrna mjølk er ikkje kalvefôr

Syrna mjølk blir lett tjukk ved oppvarming og fungerer derfor dårleg i automatar.

Syrningskulturen bør skiftast ut med nokon vekers mellomrom.

Husk å blande god ved fôring da syrna mjølk sjikter seg lett og øvste laget fort blir surt. Noko som særleg er eit problem ved bruk av kulturmjølk.

Ikkje for kald mjølk til dei yngste kalvane

Ikkje gi for kald mjølk til kalvane dei første 14 dagane. Kalvar liker dårleg mjølk med pH ned mot fire. Når mjølka er kald, blir smaken enda surare. Dette kan ofte være årsak til at spedkalvar ikkje vil ha sur mjølk.

Appetittfôring og stress 

Ved appetittfôring med sur mjølk må ein ikkje tynne ut mjølka med for mykje lunkent vatn. Da prøver kalven å drikke seg mett og kan drikke alt for mykje og bli sjuk. Mjølkedunkane bør ha fleire smokkar og må ikkje gå tom dei første 2-4 vekene. Tomme dunkar utløyser lett suging hos dei minste kalvane, medan dei største drikk for mykje når det blir gitt ny mjølk. Dette fører til stress i bingen. Kald drikke krev at det er varm og lun liggeplass. Gjerne tette tak og veggar på liggeplassen og ofte behov for varmelampe om vinteren. Liggeplatten bør være oppbygd med godt fall. Fordel med seksjonering i små grupper. For dårleg seksjonering gir for høgt mjølkeforbruk.