Plante-dyrking

Jordkjellarar-

Det som finst av litteratur om jordkjellarar,gjeld berre storleikar som høver til enkelthushaldningar. Store jordkjellarar til bruk for salsproduksjon er ikkje vanleg her i landet. I eit økologisk perspektiv er jordkjellaren interessant. Vi har ikkje lukkast å finne litteratur om større jordkjellarar til bruk i gardsdrifta. I ein jordkjellar som fungerer slik den skal, vil temperaturen liggje på ca 4 °C og luftråmen på 90-95 %.

Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn jord- og hagebruksskule

Jordkjellaren bør leggjast på ein godt drenert plass med skugge. Det er enklast å leggje den i hallande terreng, då blir det mindre arbeid med påfyllinga av jord. Veggane kan murast av naturstein, leca, lettbetongblokker eller teglstein - oppå ein såle som kan bera veggane. Det er viktig at veggane slepper igjennom råme. På utsida av veggane bør det leggjast drensrøyr -10
cm djupare enn undersida av sålen - for å sikre seg mot at det kjem vatn inn i kjellaren. Golvet skal vera uisolert. Taket må vera vasstett og sterkt nok til å ta presset frå jordmassane over. Med tanke på kondensproblem er det viktig med godt isolert tak. I ein jordkjellar må det vera ventil og avtrekkspipe for å sikre ventilasjon. Luftinntaket til ventilen bør gå i plastrøyr eller liknande under jorda for at det ikkje skal bli for kaldt i kjellaren. Det er også gunstig å lage eit forrom (sluse) til sjølve kjellaren, med isolerte dører. På den måten vil ein unngå store temperatursvingingar inne i kjellaren.

Prinsippskisse jordkjellar
 
Prinsippskisse av jordkjellar