Plante-dyrking

Lagring i kulde ute

Tidlegare var det svært vanleg å lagre rotvekstar ute i såkalla kuler. Det er vorte sjeldnare i vår tid. Fordelen med denne metoden er fyrst og fremst at ein sparar husrom. For den som ynskjer å dyrke rotvekstar til fôr kan det difor vera eit alternativ dersom ein ikkje har tilstrekkeleg lagerplass inne. Det er likevel naudsynt å ha lagerrom inne som tilsvarar nokre vekers forbruk.

Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn jord- og hagebruksskule

Kulene må leggjast på ein tørr plass på åkeren, og for å vera sikker på at det held seg tørt bør ein grava ei lita open grøft rundt kula. Det er tilrådd å leggje røtene i lange avrunda haugar, 2,5-3 m breie og 1-1,3 m høge. Lengda kan ein ta som det høver. For at andingsvarme og vassdamp skal koma ut, bør det vera to luftekanalar av trebord langsetter haugen, i botnen og på toppen av røtene. Når det er fare for frost om hausten, skal kulene dekkjast med laus halm i eit lag på 30-40 cm. Rett før vinterkulda set inn må det leggjast eit lag med rimeleg lufttett materiale over halmen. Det mest rasjonelle er å dekke halmen med ein plastfolie. Folien har ingen isolerande effekt, men den må vera tjukk nok til å tåle blafring i vinden.

 Kule
 Tverrsnitt av kule


Dersom lagringstilhøva er brukbare, er det normalt med 10-20 % svinn ved lagring i kule. Svinnet kan bli langt større dersom ein ikkje er omhyggeleg nok. Det er viktig å ikkje tette kula for tidleg om hausten slik at den blir for varm, for då aukar lagringstapet. Tap på grunn av frostskade kan ein få dersom dekket er for tynt, og om ein gløymer å tette luftekanalane i kalde periodar. Elles er det gunstig å ha fleire mindre haugar for å kunne køyre inn alt i ein haug samtidig. Kulene bør ikkje opnast når det er under 5 minusgrader - og i alle høve må ein vera særs omhyggeleg med å tette kula dersom ein ikkje tek alt.