Plante-dyrking

Føresetnader for god lagring-

Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn jord- og hagebruksskule

Reingjering av lagerrom og kassar

God reingjering av lagerrom og utstyr, i god tid før ny lagringssesong, bør innarbeidast som ein vane. Dersom det er treveggar på lageret, bør dei malast eller kalkast - det hindrar soppvekst i treet. Kassane bør stå ute ein del av sommaren, for då blir eventuell smitte i treverket sterkt redusert.

Kvaliteten på produkta

Utviklingsstadiet på vekstane ved hausting verkar inn på lagringsresultatet. For ein del produkt vil hausting på eit seint stadium redusere lagringsevna. Samstundes er det uheldig å hauste for tidleg, før produkta har modnast tilstrekkeleg og fått karakteristisk smak, form og farge.

Mekanisk skade i samband med hausting aukar faren for lagersjukdomar og stort lagersvinn.

Så sant det er mogleg, bør innhaustinga foregå i tørt ver. Tørr overflate på produkta når dei blir lagt inn på lageret, gjev mindre fare for transport av smitte frå åkeren og inn på lageret. Ved tørt innhaustingsver blir det også ført mindre jord med varene. Det reduserer også smitterisikoen.

Godt vekstskifte er nødvendig for å unngå fleire av lagersjukdomane. Til dømes kan klosopp på gulrot haldast i sjakk med dyrkingspause på 6-7 år mellom kvar gong det blir dyrka gulrot til lagring på same skiftet.

Nedkjøling

Lite lagringsdyktige produkt må få rask nedkjøling rett etter hausting. Dette gjev betre lagringsresultat. Produkta må haldast ved ideell temperatur og luftråme heile vegen fram til forbrukar. Dette gjeld mellom anna blomkål, brokkoli, salat, tomat, agurk, plommer og alle bærslaga. Rask nedkjøling er gunstig for dei fleste produkta - også dei som skal lagrast over lengre tid.