Plante-dyrking

Lagring i hus-

Lagring i kassar som vert stabla oppå kvarandre ved hjelp av truck eller traktor med lasteapparat, er den dominerande metoden for lagring av friske planteprodukt inne. Den gjev god utnytting av rommet i høgda. Samstundes er metoden rasjonell og gjev skånsam handtering av produkta.

Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn jord- og hagebruksskule

Det har vore og er delvis vanleg å lagre poteter, kepalauk og ulike rotvekstar til fôr og mat i bingar. I mindre skala er det framleis ein aktuell måte å lagre på, men ved nybygg blir det rådd til å planleggje bygningen med tanke på å kunne bruke kasselagring. Faren for mekanisk skade på produkta i samband med oppfylling av lageret er større ved bingelagring enn ved kasselagring.

Dersom ein skal setja opp nytt lagerbygg, bør det plasserast med tanke på rasjonell inn- og utkjøring. Det er også viktig at bygningen blir plassert slik at det blir liten temperaturpåverknad utanfrå. Sterkt solskinn på ytterveggen til eit ventilert lager er til dømes ugunstig. Lagerrom med ein eller fleire veggar og golv mot jordbakke er eit godt utgangspunkt.

Isolasjonen må vera god, for å halde ute varmen om sommaren og kulden om vinteren. God isolasjon vil også førebyggje kondens. Det er tilrådd å bruke 20 cm isolasjon i vegger og 25 cm i taket. Golvet bør også isolerast i kjølelager som skal brukast i sommarhalvåret. I lagerbygg som berre blir brukt i den kjølige årstida, er det ein føremon med uisolert golv. Konstruksjonen skal vera diffusjonsåpen.

Kombinert kjølelager og ventilert lager

Det vil vera eit energisparande tiltak å byggje ein kombinasjon mellom kjølelager og ventilert lager. I dei periodane som temperaturen ute er lågare enn inne på lageret, vil viftene regulere lagertemperaturen ved å ta inn uteluft, i staden for at kjøleaggregatet startar.