Plante-dyrking

Lagring av friske planteprodukt-

Her gis eit oversyn over viktige moment som gjeld lagringsbehov på garden. Det som gjeld store engroslager og fellesanlegg, er halde utanfor. Bygnings- og kjøletekniske spørsmål er lite omtala.


Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn jord- og hagebruksskule

Føremålet med lagring er å halde oppe kvaliteten på produkta over kort eller lang tid etter at dei er hausta. Dette skjer ved å regulere temperatur og luftråme til det som er optimalt for dei ulike produkta.

Enkelte planteprodukt kan lagrast over lang tid, medan andre er lite lagringsdyktige, slik som bær og enkelte grønsakslag. Men til desse har vi også trong for lager, for å få ei rask nedkjøling etter hausting. Dette er avgjerande for å sikre kvaliteten på varene fram til forbrukar.

Lagring over lang tid er særleg aktuelt under våre klimaforhold med ein relativt kort vekstsesong, dersom målet er å vera sjølvforsynt med frukt og grønt det meste av året. Vi ser i dag ein sterk tendens til at friske planteprodukt blir frakta over store avstandar for å forsyne marknaden med ferske planteprodukt til ei kvar tid. Dette har svært negative miljøkonsekvensar.

Ved økologisk landbruksdrift er det eit viktig mål å velja energiøkonomiske løysingar, også for lagring. Likevel er dette eit område der ein må kunne forsvare eit visst energiforbruk, sett i høve til energien som går med ved transport av varer frå varmare strøk. Til sist er det eit viktig moment at lagerromma blir bygde med miljøvennleg bygningsmateriale.

Viktig å hugse om lagring

  • God reingjering av lagerrom og utstyr er viktig.
  • Sørg for at varene som blir lagt inn er tørre og uskadde.
  • Rask nedkjøling av produkta som skal inn på lager.
  • Klima på lagerrom tilpassa dei produkta ein har.
  • Ver merksam på faren for etylenskade.