Plante-dyrking

Reinhald – ikkje desinfeksjon-

God hygiene er ein av nøklane til å få til friske planter.

Under dei optimale vekstvilkåra i veksthuset går alle prosessar raskare. Det er difor viktig med regelmessig kontroll av plantene. Sjuke planter, planterestar og liknande må fjernast frå veksthuset og komposterast skikkeleg. Det er også viktig å halda borte ugras, også rundt veksthuset.

Etter dyrkingssesongen må huset vaskast grundig med heitt grønsåpevatn. Godt trykk og skrubb er nyttig. Utvendig vask er gunstig for å få betre lysgjennomgang i dei mørkare årstidene. Ofte vil det vera rett å byta dyrkingsjord. Damping er effektivt, men det krev energi og drep også nytteorganismane.