Plante-dyrking

Avanserte veksthus-

Skal det dyrkast i den kalde årstida, må det satsast på godt isolerte hus.

Det krevst mykje ekstra lys og varme. Frå eit økologisk synspunkt bør ikkje berre kortsiktig økonomi vera avgjerande for val av energiform, hustype og automatiseringsgrad. Desse husa er kostbare, og veksthusarealet må utnyttast effektivt. Det finst mange system både for innreiing og tekniske løysingar elles, men ikkje alt konvensjonelt utstyr passar for økologisk dyrking. Gjødslingsutstyr, magnetventilar og vatningsdysar har lett for å tetta seg ved bruk av organisk gjødsel.

Det kan vera utfordrande for dei som sit med veksthus som er tilpassa konvensjonell drift, og som ynskjer å driva dette økologisk. Det var situasjonen på Sogn Jord- og Hagebruksskule. I omlegginga av veksthuset ved skulen vart det hausta erfaringar som kan koma andre til nytte.

Mange av dei tradisjonelle veksthusdyrkarane er særs flinke med biologisk plantevern, energiøkonomisering, resirkulering og attvinning av næringsemne. Her er det mykje nyttig kunnskap å henta.