Plante-dyrking

Enkle veksthus-

Med enkle veksthus meines her hus utan vesentlege tekniske innretningar.

Slike hus er oftast dekka av vove plast eller enkelt glas. Vanlegvis vert det dyrka direkte i bakken.Slike hus høver til å utvida vekstsesongen. Dei høver godt til planteoppal og vert ofte nytta til litt varmekjære vekstar etterpå.

Det høver med relativt enkle vatningssystem som overrislingssystem eller manuell vatning. Gjødslinga skjer som regel manuelt. Det vil sjeldan vera rett å satsa på permanent oppvarming og ekstra lys. Derimot er det aktuelt å bruka vifteomnar for å koma over ei frostnatt eller for å heva nattetemperaturen ein periode. Varmbenk inne i slike hus vil gje både varme og karbondioksid til plantene i huset. Luftinga skjer vanlegvis manuelt ved å opna dører eller ved at det vert opna felt på langsidene.

Plasten bør takast ned om hausten før frost og hauststormar set inn. Lysgjennomgangen i plasten vert gradvis dårlegare frå år til år, men om ikkje lyskrava er for store, kan plasten nyttast i mange år. Dyrking tidleg på våren krev god lysgjennomgang. Utpå sommaren vil dårlegare lysgjennomgang hindra overoppheting. Det er difor ikkje naudsynt med skygging på slike hus. Det er viktig å få plasten på tidleg om våren. Det varmar opp jorda.