Plante-dyrking

Energibruk-

Økologisk interesserte menneske freistar å nytta fornybar energi til å produsere mat.

Det blir sett opp lågenergiveksthus og veksthus som utnyttar overskotsvarme frå bustadhus, husdyrrom, industribygg, kontor-/forretningsbygg, frå kompostering av matavfall/gjødsel, frå jord eller sjø. For å få det til må det brukast varmepumpe, og ofte i kombinasjon med ulike former for varmemagasin. Frå ein økologisk synstad er dette rett, men med dagens prisar på energi er det ikkje økonomisk lønsamt å utnytta alternative energikjelder for den einskilde. Mange av dei som driv økologisk landbruk, vil trass i det velja løysingar som er meir riktige i eitt økologisk perspektiv.

Dei vanlegaste oppgåvene i veksthus er: oppvarming, lys, lufting, skyming, brusing, kortdagsbehandling og gjødsling/vatning. Alle desse oppgåvene kan skje automatisk - styrt av ein datamaskin. I norske veksthus vert det brukt kunstig lys frå 5 000 til 15 000 lux. Dette krev mykje energi. Alt etter storleik på drifta, økologisk medvit og økonomi, vert det valt ulike grader av automatisering.

Les mer