Plante-dyrking

Bygningsmateriale-

Val av bygningsmaterial bør skje ut frå prinsippet om at produktet må vera miljøvennleg å framstilla, miljøvennleg for dei som skal bruka det og miljøvennleg å verta kvitt.

Dei fleste veksthus har reisverk av metall, ofte aluminium. Til mindre hageveksthus har det vorte lansert reisverk av sedertre eller teak. Sedertre er særs haldbare, men både teak- og sedertreskogane er trua. Elles vert det lansert dårleg trevirke som er trykkimpregnert, og det høyrer heller ikkje heime i økologisk drift. Trevirke kan vera litt vanskelegare å halda reint, men det finst mykje trevirke som er brukbart. Lerk og malmfuru er gode alternativ, men kanskje kan også osp og andre lauvtre nyttast.

Tekkemateriale

Som tekkemateriale er det nytta plastfolie, enkelt glas, herda glas, dobbelt glas, isolerglas, akrylplatar og polykarbonat. Enkelt glas har stor varmegjennomgang og kan lett gå sund. Herda glas er varmebehandla og er solid. Herda glas kan ikkje skjerast. Tolags-glas og isolerglas reduserer varmetapet utan at det går vesentleg utover lysgjennomgangen.

Akrylplatar (polymetylmetakrylat, forkorta PMMA,) og polykarbonatplatar er plaststoff og vert produserte som kanalplater i ulik breidde og tjukkleik. Dei har god lysgjennomgang og isolerer godt.  polykarbonatplatar er litt bøyeleg. Akrylplatane er stive, har hatt lett for å få småsprekker og er også meir brannfarlege. Tidlegare var det ujamn kvalitet på polykarbonatplatane, men dette skal vera betre no.