Plante-dyrking

Duk eller nett-

Det finst fleire variantar av slike dukar eller nett som alle er oljeprodukt.

Dei vert først og fremst nytta for å stengje ute skadegjerarar som gulrotfluga og kålfluga, men dei har også ein klimaforbetrande effekt. Denne effekten er ikkje så stor som ved bruk av solfangar, men det er litt skilnad på dei ulike typane, sidan dei ikkje er like tette. Duk eller nett kan ikkje konkurrere med solfangar ved tidlegproduksjon. På andre sida slepp dei gjennom både luft og vatn, og anna lufting er ikkje naudsynt. Det er såleis ikkje fare for overoppheting.

Slike dukar/nett vert omsette i ulike breidder og storleikar. Største breidde er 12 m. Mange hagesenter har kappa dei opp i småbitar som dei sel dyrt. Skal slik duk nyttast profesjonelt, bør det kjøpast inn i større kvanta. Duk/nett er lette og vert lagt rett over plantene. Plantene lyfter duken opp utan å ta skade. Løk har vekstpunktet i toppen og toler det ikkje.

Duk/nett må festast godt langs kantane. Sandsekker er fint å bruka, men stein, stokkar, røyr og liknande er også brukande. Ved sterk vind vil duken kunna slita seg eller rivna. Dei fleste duktypar har lett for gå sund. Det er viktig å fjerna duken når det ikkje er behov for den lenger. Då vil ein unngå mykje ugras som veks inn i duken/nettet. Duken/nettet bør tørkast og lagrast inne. Med fornuftig og forsiktig bruk vil duken kunna vara i fleire år.


Les mer:
>> Fiberduk eller insektsnett
>> Produkter og priser (mars 2009)