Plante-dyrking

Solfangar-

Solfangar etter bøylemetoden, eller dyrking i grop, er enkle og billige klimatiltak. Det vert først og fremst nytta om våren, til tidlegkulturar.

Ved bøylemetoden vert det sett opp bøylar over sengene eller radene som er planta. Deretter vert det lagt ut plast manuelt eller med plastutleggar på traktoren.

Dyrking i grop er ein enklare metode. Her vert plantene planta i ei langsgåande grop, og plasten vert lagt over med plastutleggar. Her vil plantene raskare koma i konflikt med plasten og plasten må difor fjernast tidlegare. Metoden krev ikkje bøylar.

Til solfangarar vert det nytta tynn, klår plastfolie. Temperaturen vert lett for høg på solskinnsdagar, og då er lufting nødvendig. Først vert det opna i endane, seinare skjer ein berre nokre enkle kutt i plasten. Deretter vert desse hola utvida og til slutt vert plasten opna heilt. Termometer utlagt på jorda vil vera god hjelp. Blomkål toler minst varme og må luftast tidlegast. Vert blomkål for varm, vil det berre verta knartar.

Sjå: