Plante-dyrking

Drivbenkar-

Ein god benkeplass må vera lun og solrik, serleg er det viktig med godt ly mot kald vind frå nord. Om ein ikkje har naturleg ly, bør det setjast opp eit plankegjerde eller plantast hekk.

Drivbenkar har karmar med lause vindauge over. Karmane vert laga av tre. Lerk eller malmfuru vil halda seg lenge. Impregnerte plankar bør ikkje nyttast. Slike plankar gjev frå seg gift som skadar livet i jorda. Om det skulle verta kaldt om natta, kan benken dekkjast med lemmer, vintermatter, halm e.l. Når temperaturen stig om dagen, må ein vera påpasseleg med å lufta skikkeleg. Har du lange benkar med mange vindauge, må annakvart vindauge opnast på kvar side. Då vil det verta gjennomtrekk - krysslufting.

Kaldbenk

Kaldbenkenfår berre varme ovanfrå gjennom solstrålane. Kaldbenkar kan nyttast til å forlenga veksttida, til oppal av planter om våren, og til stikking og overvintring av stauder. Kaldbenkar kan og nyttast til planter som krev høgare sommarvarme enn vi har her, slik som til dømes melonar.

Varmbenk

Varmbenken får også varme nedanfrå, frå gjærande gjødsel (gjødselbenkar), elektriske varmekablar, eller vassboren varme.

Til gjødselbenkar vert det nytta lause karmar som søkk med gjødsla under gjæringa. Det bør nyttast gjødsel som gjærar lett. Hestegjødsel gjev frå seg god varme og er lett å arbeida med. Også sau-, geit- og kalvegjødsel kan brukast. For å fremma gjæringa kan det blandast inn halm, høyrusk, lauv, tang m.m. Mykje karbonholdig strø kan vera blanda inn i gjødsla allereie i fjøsen. Det er vanskeleg å koma med konkret tilråding om blandingsforhold. Det vil vera om lag som ved kompostering. Generelt vert det ofte for lite og for vått strø.

Benken kan leggast i ei grop eller som ein haug på jorda. Tjukna på gjødselen eller høgda på haugen avheng av landsdel, tid på året og kor varm benken skal verta. I kalde strøk og tidleg på året bør haugen vera tjukkast. I februar/mars høver det med 70-80 cm. I april og seinare på året vil det klara seg med 35-40 cm. Tunnare gjødsellag er det vanskeleg å få varme i.

Over gjødsla legg ein eit jordlag på 10-20 cm. Dette er viktig for å jamna ut varmen og ta opp ammoniakkgass. Varmbenken med gjødsel bør leggjast opp minst ei veke før bruk. Ammoniakkgassen er giftig for plantene, og det er mest ammoniakkgass den første veka. Du må fylgja godt med på temperaturutviklinga. All kunnskap om kompostering kjem godt med.

Om det skulle verta kaldt, kan det dekkjast rundt og over benken. Det er også aktuelt å plassera slike benkar inne i enkle veksthus.

Varmbenkar kan og vera oppvarma av elektriske varmekablar eller røyr for transport av varmt vatn. Desse røyra eller kablar er grave ned i jorda. Varmen vert regulert med termostat. Det er same prinsippet som vert nytta på fortau eller til oppvarming i bustadhus.