Veksthus og andre klimafremjande tiltak
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Innan miljøet for økologisk landbruk vert det reist ein del motførestellingar mot veksthus og dyrking i veksthus. Dei fleste aksepterer ulike klimatiltak. Det er meir spørsmål om kvar ein skal setja grensene. Kva er økologisk veksthus? Kva er økologisk dyrking i regulert klima? Slike spørsmål er ikkje enkle å svara på. Veksthusproduksjon er meir energikrevjande i Noreg enn i sydlegare land. Kor mykje energi vil vera rett å bruka til slike produksjonar? Kan energitypen vera avgjerande? Skal det vera eit krav at forbrukarar skal ha tilgang til økologiske veksthusgrønsaker heile året? Kva er mest økologisk - å dyrka lokalt i veksthus eller dyrka i dei varmaste stroka og frakte rundt etterpå?
I det fylgjande vert det gått gjennom ulike klimafremjande tiltak, frå dei enkle til dei meir avanserte.


