Fôrdyrking & beite

Avlingsnivå og fôrverdi-

Rotvekstane står i ei slags mellomstilling mellom grovfôr og kraftfôr.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Fôrsukkerbete har stort avlingspotensial, men i klimaet vårt er det sjeldan dette vert utnytta fullt ut. Ved gunstige forhold kan tørrstoffavlinga verta større enn for kålrot. Det er generelt lite erfaring med dyrking av fôrsukkerbete på økologiske gardar. På Jæren fekk dei 6600-7300 kg rot per dekar i 1991 og 1992. Avlingsnivået på Sogn Jord- og Hagebruksskule har vore 4500-5500 kg rot per dekar. Dette gjev ei tørrstoffavling på 800-1000 kg tørrstoff per dekar.

Det finst lite materiale om avlingsnivå i økologisk dyrking av kålrot og nepe til fôr.

Fôrverdi

Rotvekstane står i ei slags mellomstilling mellom grovfôr og kraftfôr. Fôreiningskonsentrasjonen er nesten som for bygg, slik det går fram av tabellen. Dersom vi fôrar med rotvekstar i tillegg til høy og surfôr, kan vi teoretisk sett få dyra til å ta opp 2-3 FEm ekstra med heimeavla fôr per dag. Men med slike mengder kan det bli hardt for magen, så mange har kome til at det er best å halda det på 1-2 FEm. Dette må den enkelte vinne erfaring med på eigen gard. Det kjem sjølvsagt mykje an på kor mykje høy ein har å gje.

Nokre tal for fôrverdi og lagringsevne for nepe, kålrot og fôrsukkerbete
  Nepe  Kålrot  Bete 
Tørrstoff i %, gjennomsnittstal 9-10 11 15-18
FEm per kg tørrstoff 1,09 1,13 1,14
Kg til ei FEm 10 8 5-6
Fordøyeleg råprotein i g per kg tørrstoff 110 83 60
Lagringstid i månader 2-3 4-5 6-7

Rasping

Fôrsukkerbete er hard og må alltid raspast før fôring. Rota er ofte meir greinete enn kålrot, og ved maskinell hausting følgjer det med jord som bør fjernast før fôring. Tørrensing i samband med raspinga er tilstrekkeleg. Mange føretrekkjer også å raspa nepe og kålrot, men desse kan kyrne stort sett gnaga sjølve (kviger klarer ikkje å gnaga kålrot). Dei kan bli såre i kjeften dersom det er nemnande med jord på røtene.

Nepe kan du raspa, kålrot bør du raspa og fôrsukkerbetane må du raspa.