Fôrdyrking & beite

Hausting og lagring

Rotvekstane er ofte den siste kulturen som kjem i hus om hausten. Rotvekstane toler litt frost, men må tine opp att før hausting. Dei vert skadde ved om lag -7 °C. Fôrsukkerbete har særs god lagringsevne. Nepene kan ikkje lagrast lenger enn til jul eller til like over nyttår. Kålrot har ei lagringstid som ligg midt imellom.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Blada kan fjernast med bladskyffel eller fôrhaustar. Det er lettast å bruke bladskyffel på kålrot som har rothals. Blada på nepe og bete har ikkje felles bladfeste og vil lett skli av bladskyffelen. Ved bruk av fôrhaustar må ein prøve å unngå for mykje skade på røtene. På beter kan det vera ei rettesnor at det skal stå att bladrestar på ¾ av røtene.

Blada kan vi anten fôre direkte eller leggje i silo. Ensilering av slik materiale gjev stort næringstap i pressaft dersom vi ikkje har meir tørrstoffrikt materiale å blanda bladverket med. Direktefôring gjev difor den beste utnyttinga dersom vi kan strekkja oppfôringa over tre til fire veker om hausten.

Bladavling og rotavling

Det er større bladavling i forhold til rotavling hjå fôrsukkerbete enn hjå kålrot og nepe. Men ulempa er at blada på fôrsukkerbete ikkje er særleg smakelege. Skal desse nyttast til fôr, krev det tilvenjing og pressing av dyra. På Sogn Jord og Hagebruksskule har blada av fôrsukkerbete vorte pløgde ned våren etter. Dette vernar jorda om vinteren, hindrar at mykje næring vert fjerna frå
åkeren, og gjev eit godt utgangspunkt for etterfølgjande kultur.

Opptak

Etter avblading kan røtene haustast med rotvekstopptakar, men då må det vera tørt i jorda om ikkje mykje jord skal følgja med inn. Alternativt kan vi bruka rotvekstskjer og lessa dei opp i hengjar for hand etterpå. Fôrsukkerbete og langnepe sit vesentleg djupare i jorda enn kålrot. Best kvalitet får vi utan tvil med handopptak. Kvar rot vert nappa opp og pussa litt, og til slutt vert blada kutta med snel (lauvkniv).

Lagring

Fôrsukkerbete har særs god lagringsevne. I ein enkel kjellar kan fôrsukkerbete lagrast til april utan vesentlege tap. Om det er tørt, vil fôrsukkerbete visna noko, men det har ikkje så mykje å seia til fôr.

Nepene kan ikkje lagrast lenger enn til jul eller til like over nyttår.

Kålrot har ei lagringstid som ligg midt imellom. Optimal lagring er om lag 0 °C og 90-95 % relativ luftråme. Dersom det er makk og/eller ròte i kålrota, er det mogleg å ensilera røtene. Dei må reinskast godt for ròte og jord og raspast opp før dei kan leggjast i silo utan ensileringsmiddel, eventuelt i lag med bladverket. Massen vert gråaktig og er eit særs smakeleg fôr, men det blir mykje avrenning.