Fôrdyrking & beite

Oppal-

Dyrking av fôrsukkerbete her i landet krev forkultur inne. For kålrot og nepe er det også aktuelt å drive fram planter inne av klimamessige grunnar, for å førebyggje ugras, unngå angrep av jordlopper eller å redusere arbeidstoppar. Plantinga vil dei fleste stader skje frå midten av mai og utover.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Oppalet kan skje i torvblokker eller i pluggbrett. Dyrking i pluggbrett stiller støre krav til dyrkaren fordi det er mindre jord per plante.

Oppalstida for beter er om lag 5-6 veker i enkle plasthus og noko mindre for kålrot og nepe.

Les meir om oppal 
>> Oppal av småplanter