Fôrdyrking & beite

Sortar-

Både i kålrot og nepe har vi fleire sortar å velje i, til og med norske sortar. Utvalet er mindre når det gjeld fôrsukkerbete.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Nepesortar

’Foll’ er den dominerande nepesorten i dag. Han har rund form (rundnepe) og grøn skolt. Tørrstoffinnhaldet i røtene er 9-10 %. Han gjev gode avlingar og er bra sterk mot klumprot og ròte. Sorten er litt utsett for stokkrenning.

’Kvit mainepe’ er ein norsk sort med svært kort veksetid. Han høver difor godt lengst mot nord og i dei mest høgtliggjande fjellbygdene. Det er ei flatnepe med kvitt kjøt og grøn skolt. Ho er meir tørrstoffrik enn ’Foll’ og har 12-13 % tørrstoff i røtene. Sorten er svært sterk mot klumprot, men litt svak mot kålfluger og blautròte. Avlingane er relativt små.

’Yellow Tankard’ er ein langnepesort som var mykje dyrka tidlegare, og som gav store avlingar. Han har grøn skolt og gult kjøt. Tørrstoffinnhaldet er om lag som ’Foll’ eller litt i underkant. Langnepene er svake mot klumprot, men sterk mot kålfluge og ròte.

Kålrotsortar

Ved dyrking av kålrot til fôr er det aktuelt å bruke sortar som også kan seljast til mat. Vi kan då plukke ut dei minste og finaste røtene til matrot. Det syner seg at kundane vil ha kålrot med raudfiolett skolt, sjølv om røter med grøn skolt kan vera like gode. Dersom vi tenkjer på denne kombinasjonen, bør vi velja ein av Bangholm-sortane.

’Bangholm Ruta Øtofte’ gjev stor avling og har raudfiolett skolt. Tørrstoffinnhaldet i røtene ligg på 11-12 %. Som andre Bangholm-sortar er han svak mot klumprot. Han er relativt sterk mot stokkrenning.

’Bangholm Olsgaard’ gjev noko mindre avling enn ’Bangholm Ruta Øtofte’ og er meir utsett for stokkrenning. Sorten har særs god smak.

’Gry’ er ein norsk sort som har stor dyrkingsverdi fordi han er relativt sterk mot klumprot. Avlingane er store. Han er noko svak mot stokkrenning og har ein tørrstoffprosent i røtene på 10-11. ’Gry’ har grøn skolt, noko som har gjort han vanskeleg å omsetja til mat, trass i at smaken er god.

’Vige’ er ein god sort som er foredla fram på Rå gartnarskule i Nord-Noreg. Han er hovudsort i nord både til mat og fôr. Han er sterk mot stokkrenning og bra sterk både mot klumprot og kålfluge. Sorten kan vera noko variabel i avling og er svak mot mjøldogg.

Fôrsukkerbetesortar

’Kyros’ er ein dansk fôrsukkerbetesort som har vore dominerande i Noreg i mange år. Han har eit tørrstoffinnhald i røtene på 18 % og er sterk mot stokkrenning.