Fôrdyrking & beite

Jord-

Felles for alle rotvekstartane er at dei utviklar seg best på veldrenert jord med god struktur nedover i profilet.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Nepe er den minst kravfulle og kan gje bra avling på dei fleste jordartar.

Fôrsukkerbete trivst best på moldrik, lett leirjord i god hevd. Jorda må vera varm, og sørhelling høver betre enn nordhelling.

Kålrot kjem i ei mellomstilling når det gjeld krav til jord, ho set pris på noko høgare moldinnhald enn nepene.

Fôrsukkerbete trivst best med pH rundt 7. Med tanke på andre kulturar i omlaupet er pH 6,5 høveleg. Kålrot og nepe klarer seg godt med lågare pH, ned mot 5,5.