Fôrdyrking & beite

Vekstskifte-

Rotvekstane har positive eigenskapar i vekstskiftet på ein gard.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Særleg når det gjeld fôrsukkerbete, er det eit vilkår for vellukka produksjon at åkeren har lite rotugras. Han konkurrerer dårlegare med ugraset enn kålrot i første del av veksttida. Fôrsukkerbete har gjeve vesentleg større avling etter forkulturar som har fjerna rotugraset, til dømes potet.

Sidan alle rotvekstane er næringskrevjande, bør dei koma etter kulturar som kløverrik eng eller grønfôr.

Rotvekstane har positive eigenskapar i vekstskiftet på ein gard. Eit år med rotvekstar gjev høve til å blanda husdyrgjødsel og kalk inn i jorda. Rotvekstane har lang veksttid og har stor evne til å utnytte næring som er bunden i jorda. Dette gjeld særleg kålrot. Alt dette gjev positive effektar for dei andre kulturane i omløpet på litt sikt. I rotvekståret får vi også høve til ytterlegare ugrastyning.

Viktige moment å hugse på i dyrkinga av rotvekstar til fôr

  • Fôrsukkerbete kan berre dyrkast i dei beste klimasonene.
  • Planting har mange føremonar samanlikna med direktesåing. Det utvidar dyrkingsområdet for alle rotvekstartane.
  • Fôrsukkerbete bør alltid plantast.
  • Jorda bør vera fri for rotugras der vi sår eller plantar rotvekstar.
  • Alle rotvekstane er næringskrevjande. Fôrsukkerbete stiller størst krav til jord og gjødsling, nepene stiller minst krav. Kålrot kjem i ei mellomstilling.
  • Tilgang til vatning er ein stor føremon ved rotvekstdyrking.
  • Fôrsukkerbetar kan lagrast til langt utpå våren, kålrot til februar/mars og nepe til nyttår.
  • Rotvekstar er verdifullt fôr som til ein viss monn erstattar kraftfôr i mjølkeproduksjonen.