Plante-dyrking

Utfordringar i økologisk korndyrking-

Tistel i korn Kvithamar

Resultata i ei femårig undersøking på korleis ein kan betre avlingsnivå og avlingsstabilitet i økologisk korndyrking stadfestar at førebygging av dårleg jordstruktur og særleg betra nitrogentilgang og vellykka kamp mot fleirårige ugras, er nøkkelfaktorar for å lykkast. Desse utfordringane synest svært vanskeleg å tilfredstille utan ei systemendring i retning eit meir allsidig landbruk i korndistrikta med tilgang på husdyrgjødsel eller andre næringsstoff frå storsamfunnet. Prosjektet blei finasiert av Noregs forskingsråd.

Ragnar Eltun, Bioforsk Øst, Apelsvoll. Reidun Pommeresche, Bioforsk Økologisk.

Jordarbeiding til rett tid

Forsøk på leirjord på Kvithamar i Stjørdal og på morenejord på Apelsvoll i Østre Toten synte at når ein gjer jordarbeding under gunstige råmetilhøve og med tilpassa luftrykk

Liten næringseffekt av grønngjødsel

I økologisk korndyrking er det vanleg praksis å ha eitt år med ein grøngjødslingsvekst i eitt fire - femårig vekstskifte med korn. Denne veksten vert slegen ned fleire gonger gjennom vekstsesongen, og planterestane skal gi næring til etterfølgjande korn. I desse forsøka var avlingseffekten av grøngjødsling liten (0-10 %), og moglegheitene for tap av nitrogen til vatn og luft er stor med slik gjødslingspraksis. Det er difor viktig å finne alternative næringskjelder.

Utnytt ugraset sine svake sider

Studiar av skotkvile i åkertistel (Cirsium arvense), åkerdylle (Sonchus arvensis) og kveke (Elytrigia repens) tyder på at åkertistel og kveke er lettare å bekjempe med brakking på seinsommaren og hausten enn åkerdylle. Forsøka synte også at for åkertistel spelar skot frå det intakte rotsystemet som ligg under harve- eller pløyedjupet, mykje større rolle enn skot frå lause rotdelar.

I ulike forsøk med bekjempingsstrategiar mot fleirårig ugras har ein funne at
1) Ugraseffekten er betre til lengre brakkingsperioden (3 vs. 6 veker) er,
2) Det er skilnad mellom artar i kor lang brakkingsperioden må vera; Åkersvinerot (Stachys palustris) treng t.d. lenger tid enn åkerdylle,
3) Pløying etter ei brakkingsperioden er mykje viktigare enn pløying før brakkinga tek til,
4)  Gjentatt kutting av ein eittårig grøngjødslingsvekst kan vera eit godt alternativ til brakking for einskilde artar, t.d. åkertistel,
5) Grunn pløying (10-12 cm) om hausten med lett harving rett etterpå verkar godt mot mange artar,
6) Bruk av underkultur med raudkløver i korn har ein viss effekt på einskilde artar, men  er ikkje aleine særleg effektivt i kampen mot fleirårig ugras.

Alt i alt har djup pløying vist seg å vera blant dei mest effektive metodane i kampen mot fleirårige ugras. Erfaringar frå andre prosjekt tyder på at djup pløying om våren har betre effekt på artar som åkertistel og åkerdylle enn tilsvarande pløying om hausten. Dersom ein har problem med desse ugrasa, synest djup pløying å vera ei nødvendigheit i økologisk korndyrking.

Meitemark

I middel var det i jordarbeidingsforsøka 229 meitemark / m2 og 90 % av marken var i det øvre jordlaget (0-13 cm). Grå meitemark (Aporrectodea caliginosa) som var den dominerande arten, treivst like godt uavhengig av jordarbedingsmåten. Studiar av nedgravne nettingposar med opphakka bygghalm synte at mellom 30 og 40 % av nedpløgd bygghalm vart omdanna i ein sesong og det vart klart fleire meitemarkekskrement i nettingposane utover året. Dette kan tyde på at meitemaken gjer ein jobb i nedbrytinga av plantereistane. Meitemarkekskrementa er også rike på næringsstoff og dei er ei viktig kjelde til planenæring. Resultata synte også at i  jord med god jordstruktur og porøsitet kan omdanninga av halmen gå raskast ved djup pløying (25 cm) pga. tørke i øvre jordlaget. I tett leirhaldig jord på Kvithamar gjekk omdanninga fortast ved grunn (13 cm) nedpløying av halmen. I studiar av meitemark i ulike dyrkingssystem fann ein mest meitemark i system med eng og husdyrgjødsel og minst i konvensjonelle korndyrkingssystem med bruk av mineralgjødsel.

Større kretsløp av næringsstoff

Det synest som om viktige tiltak for høgare avlingar og større avlingsstabiliteten i økologisk korndyrking  i område utan eller med lite husdyrgjødsel, i stor grad ligg utanfor det som eksperimentelt er undersøkt i prosjektet.  Ei mogleg løysing er å få attende dyr som kan gjera om grøngjødslingsvekstane til salsprodukt og produsere husdyrgjødsel. Andre alternativ er å bruke  biomassen frå grøngjødsel til produksjon av biogass og gjødsel, og å bruke av biprodukt frå storsamfunnet slik som kjøttbeinmjøl, biorest frå kommunale gassanlegg, humanurin og oske, til gjødsel. Introduksjon av slike strukturelle endringar og nye  metodar krev politisk styring og ny kunnskap, men for å til få ei meir berekraftig økologisk korndyrking i framtida, må det arbeidast vidare med desse alternativa