Gjødsel & næring

Kalium i jorda-

Dei lause jordmassane i Noreg er for det meste yngre enn ti tusen år, og mineralmaterialet er derfor sterkt prega av dei opphavlege bergartane. Erfaringane har synt at trongen for tilførsle av kalium (K) varierar frå at jorda frigjev det plantane treng, til at bortimot heile K-trongen må dekkast ved tilførsle av gjødsel.


Johannes A. Folkestad og Samson L. Øpstad, Bioforsk Vest

 

Torv og moldjord inneheld små mengder K, det same gjer også visse typar sand og grushaldig jord. For mineraljord verkar opphavsmaterialet  i stor grad inn på innhaldet av K. Materiale med opphav i kvarts har særs lågt innhald av K, og det same gjeld også for sparagmitt. Finkorna jordartar som leire og silt har ofte større evne til å forsyna plantene med K enn grovkorna jord (sand og grus). Morenejord kan avhengig av opphavsmaterialet, ha eigenskapar som minner om situasjonen for ei jord med vesentleg meir finmateriale. Sjølv jord som i hovudsak består av sand og grus, med berre nokre få prosent leire og moderat med silt, kan gje ei næringsforsyning som liknar den ein finn hos finkorna jord. Ein liknande situasjon kan ein også finne for skred- og forvitringsjord.

Ved fornying av eng kan pløying gje positiv effekt då pløyinga fører opp K-rik jord frå djupare lag. Pløyinga betrar også jordstruktur, vilkåra for rotutvikling, og dermed opptak av vatn- og næring hjå plantene.

Klassar for innhald av lett- og syreløyseleg kalium i jord

 Analysetype

Klasse 1
låg

Klasse 2
middels

Klasse3
god

Klasse 4
særs god

 Syreløyseleg kalium (K-HNO3)

 < 30

 31-79

 80-119

 > 120

 Lettløyseleg kalium (K-AL)

 0-2

 3-6

 7-15

 > 15

Jordartar som er rike på glimmer og særskilt mørk glimmer (biotitt) er betre stilt med tanke på K-forsyning. Frigjeving av K frå glimmerrik jord kan vere så stor at den saman med noko husdyrgjødsel kan vere tilstrekkeleg. Som ei følgje av desse variasjonane har berggrunn, jordsmonn, og kjemiske jord- og planteanalysar stor verdi når val av areal til økologisk dyrking skal vurderast. Kunnskapen er også naudsynt for å avdekke trong for K-tilførsle ved konvensjonell dyrking. Organiske materiale inneheld lite K, men materialet er likevel av verdi då det verkar i prosessen binding/frigjeving av K, særskilt der mold finst ilag med leir.

Kjemiske analysar av kalium i jorda

Debio-regelverket gjeve høve til å søke om dispensasjonar  for å tilføre einskilde mineralske  gjødselslag. Bruk av kalium i form av kaliumsulfat, er restriksjonsbelagt, det vil sei at trong skal dokumenterast, og det kan såleis berre nyttast etter at Debio har gitt løyve til slik bruk. 

Kjemisk analyse av jord der innhaldet av K er bestemt etter AL-metoden fortel oss i kva grad næringsemnet som ein finn i jorda, er lett tilgjengeleg for plantene. For mineraljord (fastmarksjord) er det vel så aktuelt å analysere for K-HNO3 (syreløyseleg kalium) for å kartleggje situasjonen. Analyseverdien for K-HNO3 er eit uttrykk for den langsiktige kaliumreserven i jorda. Ei jordprøve av mineraljord kan gjerne komme ut med låg verdi for K-AL som indikerer eit lågt innhald av lettilgjengeleg kalium for plantane, og samstundes høg verdi for K-HNO3. Ein slik situasjon finn ein ofte i område med morenejord og/eller elvesortert materiale (bredalføra), eksempelvis i dalane rundt Jostedalsbreen.

Les meir:
>> Kalium i planta - grovfôrdyrking
>> Forsøk: K-tilførsle i eng på ulike jordartar