Kalium i planta - grovfôrdyrking
Johannes A Folkestad og Samson L Øpstad, Bioforsk Vest
K gjev mekanisk styrkje til planta, og førebyggjer slik legde. K gjev også plantene auka evne til å stabilisere sitt eige vasshushald, og slik evne til å motstå tørke og frost når tilhøva vert ugunstige. Erfaringar har synt at ved knapp tilgang på K, vil ei yterik eng som i utgangspunktet er rik på timotei og kløver kunne reagere med avlingsreduksjon. Ved skort vil ofte rappartar, kvein og ugras bre seg på kostnad av kløver og timotei. Å halde oppe kløveren i enga er viktig grunna nitrogeninnsamlinga som knollbakteriane på kløverrøtene gjer. Dette er av verdi for både avlingsmengde og proteininnhald i avlinga. Forsking har klårlagt at K-innhaldet i avlinga ved første- og andreslått bør vere høvesvis 1,5-1,8 % og 1,7-2,0 % av tørrstoffet for å unngå avlingsreduksjon. Ved tidleg hausting bør K-innhaldet ligge i øvre nivådel, ved sein hausting kan eit innhald i nedre nivådel vere tilstrekkeleg.
| |
| Forsøksruter utan og med kalium. Legg merke til skilnad i samansetnaden av planter i enga. Foto: Arve Arstein |
K er mobilt i planta, noko som betyr at planta ved mangel vil transportere K frå eldre blad i retning av unge blad i vekst. K-mangel vert av denne grunn først synleg på dei eldste blada og skota hjå engplantene. Mangelsymptom vil kunne sjåast som gule område på blada (klorose), og visning (nekrose) i bladspiss og bladkant. Om K ikkje vert tilført vil symptoma kunne spreie seg til heile planta, og føre til kraftig reduksjon i vekst og avling.
| ||
| K-mangel hjå gras og kløver. Øverst ser ein gulning (klorose) hjå dei eldste blada hos gras. Nederste bilete syner visning i bladkanten hos kløver (bladkant nekrose) som eit resultat av kaliummangel. Foto: Arve Arstein |
For stor tilgang på K kan derimot resultere i eit luksusopptak av K i planta som gjev eit høgt forhold mellom mengde kalium og magnesium/kalsium i planta. Dette gjev dårleg mineralbalanse i foret, med påfølgjande fare for graskrampe og mjølkefeber hos husdyra. Faren for at dette skal skje er størst på areal med høge nivå av syreløyseleg-K der slåtten vert tatt tidleg, i kombinasjon med lågt trevleinnhald (struktur) og høgt proteininnhald. Ved økologisk dyrking der ein gjødslar med avgrensa mengder nitrogen og kalium vil dette sjeldan verte eit problem.
Les meir:
>> Kalium i jorda
>> Forsøk: K-tilførsle i eng på ulike jordartar




