Plante-dyrking

Solbær-

Solbær dyrkast over det meste av landet, og er lite utsett for skadedyr. Planta krev lite næring, men for å få godt utvikla buskar med jamn avling bør du likevel tilføre noko gjødsel kvart år. Solbær høyrer til
sildrefamilien, noko som tilseier at dei trivst best der det er godt med råme. Daglengda har stor innverknad på vekst og utvikling hos mange av sortane


Av Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn Jord- og Hagebruksskule (2006)

Solbær (Ribes nigrum) kan dyrkast over det meste av landet. Viltveksande solbær finst fleire stader i Norden, mest i kyststroka. Mellom anna i Sør- Varanger reknar ein med at det er ei stamme. Vill solbæra høyrer til same art som dyrka solbær. Den trivst i fuktige skogar og kratt, og er ikkje spesielt lyskrevjande.

Grunnleggjande føresetnader

Til liks med dei andre bærslaga er det viktig å syte for optimale vekstvilkår for plantane. Friske planter i god vekst er avgjerande for å halde nede åtak av sjukdomar og skadedyr. Høveleg klima og jord er grunnleggjande føresetnader for det.

Rotsystem

Rotsystemet er grunt og sterkt forgreina, i eit område som er 50 % større enn det buska dekkjer. Ein finn om lag 75 % av rotmassen i dei øvre 25 cm av jordprofilet. Rotutviklinga varierer etter jordtype, slik at det ikkje vert danna så mange fine røter på stive jordartar.

Skot

Nye skot veks opp kvart år. Skota vil normalt blomstra og gje bær sommaren etter. Skotveksten er kraftigast på forsommaren. Solbær er ei kortdagsplante. Blomsteranlegga vert danna på ettersommaren og hausten. Alle aktuelle sortar er sjølvpollinerande.

Viktig å hugse i solbærdyrkinga

  • Vær omhyggeleg med
  • Ha klare planar for omsetning, før utplanting
  • Solbær vil ha moldhaldig jord
  • Plant ikkje der det er fare for frost under bløminga
  • Syt for gode forkulturar, som gjev plantefelt fri for ugras
  • Bruk tilpassa sortar
  • Plantesystem må vera tilpassa haustemetode og bruk av anna teknisk utstyr
  • Bruk berre friske stiklingar og planter
  • Vær omhyggeleg med plantinga
  • God skjering er viktig for avling, kvalitet og som førebyggjande tiltak mot sjukdomar.
  • Vatning er viktig!

Meir om

>> Klima

>> Jord

>> Sortar

>> Etablering av felt

>> Formeiring og planting

>> Skjering

>> Gjødsling

>> Vatning

>> Ugras

>> Sjukdomar

>> Skadedyr

>> Hausting

>> Marknad