Plante-dyrking

Bringebær-

Bringebær er ei fantastisk frisk og spanande ferskvare. Dyrkinga er i seg sjølv utfordrande, og ein må samstundes ha klare planar for omsetning. Økologisk bringebærdyrking er lite utprøvd både i praksis og i forsøk her i landet. Det som er skreve her byggjer på generell kunnskap og noko erfaring. 


Vill og kultivert bringebær høyrer til same art (Rubus idaeus) og er botanisk sett ein halvbusk i rosefamilien. Rota er fleirårig, men skota er toårige. Nye skot kjem anten frå knoppar som blir initierte på røtene, eller frå knoppar ved basis av eldre skot. Fyrsteårsskotet er i byrjinga urteaktig og vert meir og meir forveda utover sommaren og hausten. Skotet døyr etter å ha blomstra og bore frukt det andre året.

Kortdagsplante

Bringebær er ei kortdagsplante. Det vil seie at bringebær er avhengig av kortare dagar ei viss periode for å kunne danne blomsteranlegg. Dei fleste sortane er sjølvpollinerande.

I vill tilstand trivst bringebær best på opne plassar med god råme og god næringstilgang. Planta kan raskt bli dominerande på hogstflater der det er god næringstilgang frå hogstavfall og røter. For den som vil drive økologisk bringebærdyrking er det nyttig å ha kjennskap til korleis planta veks i vill tilstand.

Dyrkingsvilkår

For å kunne lukkast med økologisk dyrking av bringebær må ein syte for optimale vekstvilkår for plantane. Friske planter i god vekst er avgjerande for å halde nede åtak av sjukdomar og skadedyr. Høveleg jord og klima er grunnleggjande føresetnader.

  • Bringebærdyrking i økologisk landbruk-

    Bringebærdyrking er på frammarsj i Noreg. Det er rom for auke i den økologiske produksjonen av bringebær. Mange forbrukarar ønskjer å kjøpa usprøyta bringebær.

  • Klima

    Bringebær har eit meir avgrensa dyrkingsområde enn solbær og jordbær. Om lag 60 % av norsk salsproduksjon av bringebær skjer i Sogn og Fjordane, medan Akershus, Hordaland, Buskerud og Oppland har 20 % av salsproduksjonen. Men bringebær kan dyrkast i vide område utanom hovudregionane for salsdyrking. Ein er då meir avhengig av plassar med godt lokalklima og vinterherdige sortar.

  • Jord

    Bringebær er, saman med bjørnebær, den mest næringskrevjande av alle bærslaga våre.

  • Etablering av felt

    Når ein har funne ein gunstig plass for eit bringebærfelt, bør ein syte for ein eller fleire forkulturar som gjev jord i god hevd og som er fri for fleirårige ugras. Dette er særleg viktig ved økologisk dyrking.

  • Gjødsling

    Gjødslinga må tilpassast næringstilstanden i jorda, og ver og vekst i det enkelte år. Aktuelle gjødselmiddel er kompostert eller nesten fersk husdyrgjødsel, land og steinmjøl.

  • Stell av kulturen i vekstsesongen

    Det er viktig å halde hekken open gjennom heile sesongen.

  • Ugras

    I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.

  • Sjukdomar

    I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.

  • Skadedyr

    I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.

  • Vatning

    I kommersiell bringebærdyrking bør ein ha tilgang til vatningsanlegg. For lite vatn fører til redusert avling og små bær. For mykje vatn kan skade bringebærrøtene og auke faren for rotråte. Av omsyn til dette bør ein vatne ofte og med små mengder, og ikkje sjeldan og mykje.

  • Hausting

    Det er ein stor føremon å hauste relativt ofte for å unngå overmodne bær og ikkje minst fjerne sjuke bær jamleg.

  • Marknad

    Den som tenkjer på å plante ut nytt bærfelt, må fyrst avgjera kva marknad han eller ho skal satse på. Sortsvalet blir i stor grad avgjort av om bæra skal leverast til industri, sjølvplukk eller friskkonsum.

  • Økologisk bringebærdyrking - Dyrkingsrettleiing med hovudvekt på jordkultur og gjødsling

    Heftet fokuserer på jordkultur og gjødsling for økologisk bringebærdyrking. Det byggjer på røynsler frå eit prosjekt med økologisk bringebærdyrking i perioden 2004-2006, der 14 produsentar frå Rogaland i sør til Nordland i nord har vore med i tre år.

  • Dyrkningsveiledning «Ekologisk odling av hösthallon» fra SJV

     

  • Haustberande bringebær-
    • Vekst og utvikling-

      Dei haustberande bringebærsortane gir blomster og bær på øvste delen av årsskota. Dersom skota får stå til året etter vil dei blomstre og gi bær på den nedste del av same skota.

    • Skjering og kulturmåte-


      Mange av dei haustberande bringebærsortane gir korte skot, ofte berre 1,0-1,5 m, topping eller oppbinding er derfor ofte ikkje nødvendig. Det lønner seg å skjere ned og fjerne dei gamle skota i løpet av vinteren, og det bør helst skje før ny vekst startar.

    • Tunneldyrking-

      Ein stor del av produksjonen av konsumbringebær skjer no i høge plasttunnelar. Dyrking av vanlege bringebærsortar i tunnel gir lengre sesong med større avling, og betre og jamnare kvalitet.

    • Jord og næringsforsyning

      Bringebær må ha godt drenert jord og likar ikkje for høg pH, den bør gjerne ligge under 6. Haustberande bringebær har noko større behov for nitrogen enn vanleg bringebær, og normalt bør det tilførast 10-12 kg/daa. Gjødsling er elles som for vanleg bringebær.

    • Jorddekke-

      Dekking av jorda under plantene gjer det enklare å halde ugraset vekke. Det mest vanleg i bringebær er å dekke med plast eller vevd duk 0,7-1,0 meters bredde langs planterada.

    • Planting-

      Haustberande bringebær kan plantast både som barrotsplanter og som potta planter.

    • Sortar-

      Det er enno lite erfaring med økologisk dyrking av haustberande bringebær her i landet, derfor er det heller ingen erfaring med kva sort som høver best. Sortsutvalet er enno lite blant dei haustberande sortane, og det er stort sett to sortar som er aktuelle.

    • Sjukdommar og skadedyr-

      Haustberande bringebær er utsett for dei same sjukdommar og skadedyr som vanlege bringebær, men dyrkingsmåten gir visse skilnader.