Plante- dyrking

Tomat

Tomatplanta kom til Europa frå Sør-Amerika, truleg med Columbus. I Noreg kom det fart i dyrkinga etter 1900. I dag er dette den største kulturen under glas, og stadig meir av tomatane vi finn i butikken er norskproduserte. Vekstsesongen har vorte utvida dei siste åra, med betre veksthus og ekstra energi til oppvarming.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Tomatplanta (Lycopersicon esculentum Mill.) høyrer til søtvierfamilien (Solanaceae) og står nær potetslekta (Solanum). Vekstsesongen til tomat har vorte utvida
dei siste åra, med betre veksthus og ekstra energi til oppvarming. Vanlegvis vert det sådd rundt juletider, og utpå hausten vert produksjonen avslutta. Produksjon utover hausten og i vinterhalvåret krev ekstra lys og varme og er difor kostbar. Resten av året importerer vi tomater frå m.a. Spania, sjølv om det er avslørt skremmande bruk av kjemiske plantevernmidlar ved fleire av dei spanske tomatplantasjane.

Frå starten av vart tomat dyrka på dei lunaste plassane ute. Sjølv her vart avlingane usikre, og no vert det ikkje dyrka frilandstomat her i landet.

Viktig å hugsa i tomatproduksjonen

  • pH bør vere frå 5,5 - 6,0
  • Bruk rein jord og reine potter og kassar til oppalet
  • Ha nok lys i høve til varme under oppalet
  • Bruk lite vatn like etter utplanting og rikeleg seinare
  • Sideskota skal fjernast straks ein får tak på dei
  • Plantane skal ha lite nitrogen i starten, og meir utover seinvår og sommar
  • God pollinering er viktig
  • Det tek 8 veker frå pollinering til moden frukt
  • Bruk nytteorganismar ved åtak frå skadegjerarar
  • Tomater skal lagrast ved 12-13 ºC, i relativt tørr luft