Plante-dyrking

Potet-

Potet er den mest allsidige rotveksten vi har, og er ein god vekst i skifte med gras og korn.


Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Jan-Erik Mæhlum, Øko-Gudbrand

Potet er også godt dyrefôr. Det går ca 4 kg rå potet per FEm. Potet kan ensilerast rå eller kokt. Kokt potet høver godt til einmaga dyr som gris og høner.

Potet (Solanum tuberosum) høyrer til søtvierfamilien og er eittårig. Planta klarar seg i dei fleste klimatypar her i landet. Veksttida varierer frå 3 mnd for tidlegpotet til omlag 5 mnd for dei seinaste sortane.

Avlingsnivå

I følgje Markedskontoret for potetar var ei gjennomsnittleg potetavling 2 431 kg/daa i 1995 (for heile landet). For dei tre nordlegaste fylka låg den på ca 1 000 kg/daa. Dette gjeld konvensjonell dyrking. Ein har ikkje tilsvarande statistikk for økologisk dyrking. Tørråteangrep gjer at avlingsnivået vil variere meir frå år til år om ein driv økologisk.

Viktig å hugse på i potetdyrkinga

  • Potet skal ha djup, laus jord med pH 5-6,5.
  • Høveleg gjødsling er 1- 3 tonn husdyrgjødsel, avhengig av forkultur og næringstilstanden i jorda. Jamn gjødselspreiing er viktig.
  • Hovudutfordringa i potetdyrkinga er tørråte. Du kan minske skadane ved å:
    • velje sortar som ikkje er for seine og med god resistens, spesielt på knollane
    • bruke friske setjepotetar
    • framskunde sesongen med lysgroing
    • utnytte apikal dominans, om du har moglegheit til det
    • slådde ned drillane så spirene kjem raskt opp
    • sørgje for god slutthypping, som lagar jordfilter mot tørråtesporar
    • sørgje for skikkeleg risknusing, eventuelt i kombinasjon med propanflamming
    • vente 14 etter knusing, og ta opp potetane i tørrver
    • sørgje for skånsamt opptak (maskininnstilling) og lite støtskader (knolltemperatur)
  • Sørgje for rask opptørking av knollane etter opptak, samt sårhelingsperiode og god lagring
  • Radreinsking og hypping fungerer godt mot ugras. Radreinskinga må skje når ugraset er smått. Fingerfelt kan brukast på drillane
  • Gåsekjuklingar er effektive til å ta kveke
  • Jamn vasstilgang er viktig. Vassbehovet er størst på ettersommaren og hausten.
  • Jamn råme frå byrjande knolldanning (ca 2 veker etter oppspiring) held nede flatskurvangrep.
  • Ver ekstra nøye med kvaliteten. Kunden betaler ein meirpris og forventar gjerne ekstra gode potetar.