Fôrdyrking & beite

Utmarksbeite og overflatedyrka beite-

Vi har nemnt tidlegare at fôropptaket av alle husdyr på utmarksbeite vart om lag halvert frå 1959 til 1979 og ytterlegare redusert fram til i dag. Nedgangen har vore størst for mjølkekyr.


Av Lars Nesheim Bioforsk Midt-Norge, Kvithamar

Det er uklart kor mykje unytta utmarksbeite vi har her i landet. Mykje av arealet som tidlegare vart utnytta til beite, er no planta til med skog, dyrka opp eller attgrodd med krattskog. Men det vil i mange tilfelle vere mogleg å auke utnyttinga av den nære utmarka med enkle middel. Ei grov kartlegging av vegetasjonen og tilhøva elles er første skritt i planlegginga.

Etablering/opparbeiding av gardsnære utmarksbeite

I økologisk landbruk kan det vere aktuelt å setje inn ulike tiltak for å auke produksjonen og utnyttinga av biomassen i utmarka:

 

  • Kontroll med overflatevatn for å sikre tilgang av vatn (regulering av bekkeløp, avskjeringsgrøfter, kanalar og liknande)
  • Målretta hogging av tre og buskar slik at grasdekket får nok lys. Dette kan gjerast i periodar når dyra er på beite, slik at lauv og kvistar vert nytta til fôr
  • Planting av verdfulle fôrtre som alm, ask, selje og rogn
  • Rydding av uønskt vegetasjon som stornesle, tistlar og liknande med ljå eller slåmaskin
  • Beiting med fleire dyreslag for å oppnå ei jamn nedbeiting og god utnytting av plantedekket