Fôrdyrking & beite

Ugraskontroll-

Kva plantar er ugras i enga? Artar som dyra et, og som ikkje fører til store tap av avling eller kvalitet, kan neppe reknast som ugras. I vekstskiftesamanheng kan det likevel vere negativt at nokre arter oppformeirar seg. Et godt døme er kveke, som ikkje er eit vanskeleg ugras i eng, men som er svært problematisk i open åker. Det er difor uheldig at slike artar formeirar seg i enga i område tett ved åker. Artar som blir vraka av dyra på grunn av innhald av giftige eller lite smakelege stoff, må reknast som engugras og kan gi store problem i dyrkinga. Engsoleie er giftig og blir vraka i fersk tilstand, men giftstoffa forsvinn med tørking. Artar som gir smaksproblem i mjølka, må også reknast som ugras.

Grunnlaget for ei god eng med lite problemugras blir lagt i åra før attlegget. Då skal rotugraset kome under kontroll gjennom god jordarbeiding, konkurranse frå kulturplantane og direkte tiltak som luking i åker. Kveke kan motverkast ved brakking der ein svelt ut plantane gjennom gjentekne harvingar og lèt plantane komme opp til 2- til 4-bladsstadiet mellom kvar harving. Mange utlauparar kan også tørke ut på overflata. Slik brakking fører til meirarbeid og tapt avling dersom vekstsesongen blir korta inn. Det er også risiko for erosjon og næringstap. Brakking er derfor mest aktuelt på hausten etter at avlinga er berga, i strøk med lite nedbør.

Mange vekstar konkurrerer godt med kveka. Til dømes kan ei vellukka avling av italiensk eller westerwoldsk raigras redusere kvekeproblema mykje.

Høymole spreier seg mykje ved frø i husdyrgjødsla. Varmkompostering av gjødsla reduserer mengda av spirande frø vesentleg. I attlegg utan dekkvekst kan ei høg pussing med tohjulstraktor eller fôrhaustar redusere frøspreiinga av ugras mykje.

Veksevilkår og frøblanding

Det viktigaste tiltaket mot ugras er å sørgje for at dei sådde engvekstane får gode veksevilkår og konkurrerer godt mot ugraset. God jordstruktur er då viktig; vi ser ofte at ugraset særleg kjem i kjørespor og pakka jord.

Frøblandinga har også mykje å seie for ugrassituasjonen. Til dømes vert ein art som timotei fort tynn i botnen i ei drift med tidleg slått og hyppig hausting eller beiting. Av omsyn til ugrassituasjonen er det altså viktig å bruke artar i frøblandinga som toler drifta godt.

God jordkultur gjennom god drenering, kalking, balansert næringstilførsel og skånsam hausting under tørre forhold fører til gode avlingar med lite ugras.

Kantslått og luking

Ugrasplantar som står i kantane, kan breie seg innover enga med utlauparar (rotugras) og frø. Kantslått før frøspreiing kan dempe dette smittepresset.

Luking av enkeltplantar er aktuelt for artar som høymole og tistel, for å hindre frø- og plantespreiing.

Les meir:

>> Høymolas sterke og svake sider, økotyper og effekt av ulike bekjempingsstrategier