Fôrdyrking & beite

Kraftfôr

I økologisk landbruk er det et mål at kvar husdyrgard i størst mulig grad skal være sjølvforsynt med økologisk fôr. Fôringa skal være allsidig og tilpassast behova til det enkelte dyreslag. I mangel av slikt fôr, kan fôr frå andre produsentar som driver økologisk nyttast.


For drøvtyggaren og hesten skal minst 50 % av fôret komme frå eigen gard eller være produsert i samarbeid med andre gardar som driver økologisk.

Grovfôret, f.eks. fersk gras, høy, silo, rotvekstar, lauv eller frukt- og grønnsaksrestar, skal utgjøre minst 60 % av tørrstoffet i dagsrasjonen for dyr eldre enn 6 månader. I de tre første månadene av laktasjonsperioden kan det tillates at prosentandelen reduserast til 50 % for kvart dyr per dag. For en økologisk husdyrprodusent vil det ofte være kraftfôret som kan bli utfordrande i forhold til målsettinga om å være 100 % sjølvforsynt. Dersom arealgrunnlaget tilseier det kan korn til krossing være eit alternativ/supplement til innkjøpt økologisk kraftfôr.