Fôrdyrking & beite

Rotvekstar til fôr-

Nepe, kålrot og fôrsukkerbete er dei tre artane som går under samlenamnet rotvekstar. Dei er alle toårige planter som utviklar bladrosett og seinare knoll med opplagsnæring første året. Neste år skyt det ein blomsterstengel opp frå knollen. Knollen blir i daglegtale kalla rot. Dette er noko upresist, fordi knollen er sett saman av ein rotdel og ein stengeldel. Rotvekstdyrking er arbeidsintensivt, og mykje av arbeidet er det same om avlinga vert stor eller liten. Ein må difor leggje vinn på å sikre gode avlingar.


Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Nepe (Brassica campestris rapifera) høyrer til krossblomstfamilien (Brassicaceae), og finst i fleire ulike former. Vi skil mellom flatnepe, rundnepe og langnepe, men det finst også overgangar mellom desse. Fargen på kjøtet i røtene er gul eller kvit. Skalet på den overjordiske delen av knollen er vanlegvis grønt, gulgrønt eller raudfiolett. Blada veks opp i ein rosett utan felles rothals.

Kålrot (Brassica napus rapifera) høyrer også til krossblomstfamilien. Kålrota har rund form. Kjøtet er vanlegvis gult medan fargen på skalet på toppen er fiolett eller grønt. Blada er samla i ein rothals.

Fôrsukkerbete (Beta vulgaris) høyrer til meldefamilien (Chenopodiaceae). Han er ei kryssing mellom sukkerbete og fôrbete, og blir ofte kalla berre fôrbete eller bete. Beteknollen er halvlang og gul eller raudleg i skalet. Kjøtfargen er vanlegvis kvit. Sukkerbete vert dyrka til sukkerproduksjon i mange land, men i Noreg gjev dette for små avlingar og dårleg økonomi.

Klima

Dei tre rotvekstartane har svært ulike klimakrav. Krav til temperatur for å nå full utvikling for dei tre artane er:

• 1500-1700 døgngrader for nepe
• 2000 døgngrader for kålrot
• 2200-2400 døgngrader for fôrsukkerbete

der døgngrad er summen av snittemperatur for kvar enkelt dag.

Fôrsukkerbeten stiller store krav til klimaet og er aktuell berre i dei beste klimasonene. Planting utvidar dyrkingsområdet framfor såing, og er tilrådd også i dei beste strøka. I gode år kan fôrsukkerbete gje tilfredsstillande avling mange stader i Sør- og Midt-Noreg, men ein dårleg sommar vil redusere avlingane kraftig på spesielt denne kulturen.

Kålrot sådd på friland når full utvikling på Sør-Austlandet og på Jæren. Nepe sådd på friland når full utvikling nord til Salten. Planting utvidar begge artane sitt dyrkingsområde vesentleg. Aller lengst i nord er det til dømes vanleg å plante nepe.

Rotvekstane treng god råme under spiringa eller rundt planting og vidare utover. Det har synt seg at om lag 80 mm nedbør i juni og juli er høveleg for nepe og kålrot. Fôrsukkerbete set pris på litt meir nedbør, 100-150 mm. Dette er viktig for å utvikle nok blad. Under rotutviklinga i juli og august krev alle artane relativt god vasstilgang. Forsøk har synt stigande avlingar opp til ei
nedbørsmengd på 250 mm i desse to månadene.

  • Avlingsnivå og fôrverdi-

    Rotvekstane står i ei slags mellomstilling mellom grovfôr og kraftfôr.

  • Vekstskifte-

    Rotvekstane har positive eigenskapar i vekstskiftet på ein gard.

  • Jord-

    Felles for alle rotvekstartane er at dei utviklar seg best på veldrenert jord med god struktur nedover i profilet.

  • Gjødsling-

    Rotvekstane fører mykje næring bort frå jorda, særleg kalium og nitrogen. Ved like tørrstoffavlingar fører fôrsukkerbete bort meir kalium enn kålrot og kålrot meir enn nepe. Dersom ein lèt blada av fôrsukkerbete liggje att på jordet, vil skilnaden bli mindre.

  • Sortar-

    Både i kålrot og nepe har vi fleire sortar å velje i, til og med norske sortar. Utvalet er mindre når det gjeld fôrsukkerbete.

  • Oppal-

    Dyrking av fôrsukkerbete her i landet krev forkultur inne. For kålrot og nepe er det også aktuelt å drive fram planter inne av klimamessige grunnar, for å førebyggje ugras, unngå angrep av jordlopper eller å redusere arbeidstoppar. Plantinga vil dei fleste stader skje frå midten av mai og utover.

  • Jordarbeiding, såing og planting-

    Alle rotvekstane treng djup jordarbeiding, god gjødsling og eventuelt kalking før såing eller planting. Under jordarbeidinga må vi også sørgje for at jorda ikkje tørkar ut. Det er viktig å harva rett før planting. Det fjernar mykje frøugras og plagar eventuelt rotugras.

  • Vatning-

    Tilgang til vatningsanlegg er ein stor føremon for å sikre god vasstilgang i dei ulike vekstfasane. Det har store utslag på avlingane dersom det blir for lite vatn, anten det er på forsommaren eller ettersommaren. Sikker vasstilgang gjer også plantene sterkare mot skadedyr og sjukdomar.

  • Ugrasregulering-

    Rotugraset må ein tyne i ein eller fleire høvelege forkulturar. Ugrasrein åker rett før planting gjev plantene eit viktig forsprang på ugraset.

  • Sjukdomar og skadedyr-

    Nepe og kålrot er utsette for sjukdomar og skadedyr som går på krossblomstra kulturar. Generelt er kålrot meir utsett for skadegjerarar enn nepe. Det er elles skilnad mellom sortane på kor mottakelege dei er for dei to viktigaste skadegjerarane klumprot og kålfluge.

  • Hausting og lagring

    Rotvekstane er ofte den siste kulturen som kjem i hus om hausten. Rotvekstane toler litt frost, men må tine opp att før hausting. Dei vert skadde ved om lag -7 °C. Fôrsukkerbete har særs god lagringsevne. Nepene kan ikkje lagrast lenger enn til jul eller til like over nyttår. Kålrot har ei lagringstid som ligg midt imellom.