Fôrdyrking & beite

-Grønfôr

Der er mange årsaker til at dyrking av grønfôr kan tilrådast.


 

Av Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken 

 

I vekstskifte vil ein kunne auke innslaget av den effektivt nitrogenfikserande veksten kløver i enga og dermed redusere behovet for gjødsling. Ugrasmengda vil òg bli redusert. Ein kultur med grønfôr gir ei stor og sikker avling, legg til rette for meir allsidig fôring og er eit godt tilskottsfôr og beite for ettersommaren og hausten. Etter overvintringsskadar kan grønfôr vere ein god krisekultur for å sikre seg avling. Det kan og nyttast som fangvekst ved korn- og grønsakdyrking.

Hovudformål med grønfôrdyrking

Omgrepet «grønfôr» er ofte uklårt. Kva vekst(ar) er det vi snakkar om? Det er stor skilnad på korngrønfôr og friskt beite av raigras og perserkløver! Vi kan i alle fall skilje mellom to hovudformål med grønfôrdyrkinga:
• dyrking til vinterfôr
• dyrking til beite eller direktefôring sommar og haust