Eng
Tor Lunnan, Bioforsk Øst, Løken
Samansetnad av plantar i enga og val av dyrke- og haustemetodar avgjer kva avling ein kan hauste. Kvaliteten på økologisk eng er ikkje dårlegare enn i konvensjonell dyrking, men det er vanleg å rekne mellom 10 og 20% avlingsreduksjon i økologisk drift. Reduksjonen er avhengig av jordtype og tilgang på husdyrgjødsel.
Den fulldyrka enga høyrer heime på areal som ligg til rette for jordarbeiding. For at enga skal ha ein positiv funksjon i vekstskiftet, må jorda kunne pløyast og leggast i andre kulturar.
Vekstskifte
På bruk med mykje åker er det fornuftig å la enga gå inn i eit fast vekstskifte for å sikre gode forkulturar til åkervekstane. Enga bygger opp humus, og med engbelgvekstar som kløver og luserne kan ho samle mykje nitrogen.
Liggjetida på enga kan variere frå to til seks år, alt etter storleiken på åkerarealet, kvaliteten på enga og kor godt kløveren etablerer seg og held. Det er også aktuelt å ha eit fast vekstskifte på areal som høver godt til åkerbruk, og ha meir langvarig eng på resten. På bruk med lite åker ønskjer mange å ha enga liggjande lenge for å spare utgifter til fornying og unngå avlingstap i attleggsåret. Då er kvaliteten, og ikkje alderen, på enga avgjerande for om ho bør fornyast eller ikkje. Avlingsnivået ligg normalt høgare i første- og andreårsenga enn seinare, og meiravlinga her må dekkje ekstrakostnaden med fornying.
Trong til fornying
Det kan vere fleire årsaker til låge avlingar i eng. Om kløveren har gått ut, vil forsyninga av nitrogen fort bli for lita til å gi stor avling. Då kan isåing eller oversåing av kløver vere eit alternativ til pløying i ung eng.
På pakka jord er plogen ein nødvendig reiskap ved fornying. Vassjuk jord må grøftas, elles hjelper det lite å fornye enga. Ein bør òg fornye om det er mykje ugras som blir vraka av dyra (sølvbunke, høymole, tistel).
Med eng av ulik alder på garden kan ein lettare tilpasse drifta ved at den eldste enga blir hardast beita og den yngste behandla meir skånsamt. Slik utnyttar ein betre avlingspotensialet i enga, og dei sådde artane vert meir haldbare.
Jordarbeiding
Formålet med jordarbeiding er å få eit såbed som gir gode spire- og veksevilkår for kulturplantane. Rask og jamn etablering gjer at kulturplantane greier seg betre i konkurransen mot ugraset. Vidare har jordarbeidinga, slik som pløying og harving, dessutan ulike kombinasjonar av reiskap, slik som plog, slådd og harv, direkte verknad på ugraset når arbeidet blir gjort til rett tid.
På erosjonsutsett jord og i nedbørrike strøk er vårpløying best, men då jorda tørkar fort ut etter vårpløying, må ein ikkje utsetje resten av jordarbeidinga for lenge. Haustpløying gir også godt resultat der forholda ligg til rette for det. Då startar omdanninga av forkulturen allereie om hausten, og mineralisering av næringsstoff kjem tidlegare i gang komande vår. Likeins kan
gjødslings- og såarbeid starte tidlegare.
Såbedet skal vere jamt og steinfritt slik at det blir greitt å hauste utan å få med jord og stein i avlinga.
Grasfrøet er smått, og om såbedet er for laust, kjem frøet lett for djupt, og spiringa blir dårleg. På laus jord bør ein derfor tromle før såing av grasfrø, eventuelt etter såing av dekkvekst. Tromling etter såing kan òg vere nødvendig for å sikre betre kontakt mellom jord og frø og gi ei jamnare overflate.
Som regel bør ein ha eitt eller to år med åker før ein legg att til eng på ny. Då får ein omsett det meste av torva, og ein kan få bukt med rotugraset.
Gjødsling
Tradisjonelt har det ved konvensjonell drift blitt brukt store mengder husdyrgjødsel ved attlegg av eng. Forsøk syner at dette gir svært dårleg utnytting av næringsstoffa i gjødsla, og at det ikkje er grunn til å bruke mykje gjødsel til attlegg.
På grunn av lågare avling er næringskravet til attlegget ikkje så stort som til enga. Ein jamn bruk av husdyrgjødsel på arealet i engåra sikrar tilfredsstillande fosfor- og kaliumforsyning, og gir normalt ei betre utnytting av næringsstoffa enn ved bruk av større mengder gjødsel i attlegget. Til kortvarig, kløverrik eng kan sterkare gjødsling i attlegget (tre til fire tonn blautgjødsel per dekar) likevel gi bra resultat og spare ein for arbeid ved at ein slepp gjødsling i engåra. Ei slik gjødsling sikrar fosfor- og kaliumforsyninga for eitt til to år framover, og bra kløvertilslag sikrar god avling og nitrogenforsyning i enga.
Bruket sin tilgang på gjødsel og prioritering av gjødselmengda til ulike vekstar får styre kva strategi ein skal velje. Med ei blanding av ung og eldre eng på garden bør gjødsla prioriterast sterkare til den eldste enga fordi denne normalt har mindre kløver og lågare innhald av lettløyseleg kalium i jorda enn den yngste enga. Om fosfor- og kaliumtilstanden er tilfredsstillande, kan ein bruke husdyrgjødsel i attleggsåret og kutte ut gjødsling i første- og kanskje i andreårsenga.
Les meir
>> Jordstruktur og jordarbeiding
>> Næringstilgang

