Fôrdyrking & beite

Beite

Det er mange grunnar til at bruk av beite til storfe generelt, og mjølkekyr spesielt, er ønskjeleg i økologiske driftsopplegg. Beitegras er eit billig og næringsrikt fôr som kan gi grunnlag for ein stor produksjon av mjølk med høg kvalitet. Men beiting er ei vanskeleg og kunnskapskrevjande driftsform, mellom anna fordi plantane heile tida vert påverka av beitande dyr ved selektiv beiting, ved spreiing av gjødsel og urin og ved trakk, og fordi kvalitet og mengd av beitegraset varierer gjennom heile sesongen. Beiteareala må drivast slik at ein kan utnytte potensialet til beitevekstane og sikre ein jamn tilgang på beitegras av god kvalitet. I tillegg må ein ha grunnlag for å vurdere behovet for supplering med kraftfôr og grovfôr.


 


Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar

 

I 1950 utgjorde beitegras om lag 36 % av årsfôret til mjølkekyr, men verdien av beite har minka mykje slik at det i 2002 berre vart 17,5 % av årsfôret til mjølkekyr som vart teke opp på beite. I same periode auka kraftfôret sin del frå 18 til 36 %. Tala er middel for alle kyr som er med i Husdyrkontrollen. Største delen av beiteopptaket til mjølkekyr skjer no på ulike typar innmarksbeite.

Frå 1959 til 1979 minka fôropptaket hjå alle husdyr på utmarksbeite frå om lag 490 millionar til 240 millionar fôreiningar. For mjølkekyr var nedgangen om lag 80 %, medan for sau og lam minka opptaket på utmarksbeite med 20 % i same periode. I 2003 var opptaket på utmarksbeite redusert til 217 millionar fôreiningar.

 

Naturgivne vilkår

Naturgivne vilkår som klima, jordart og terrengtilhøve set grenser for utnytting av beiteareal. Dei spesifikke verknadene av klimaet på produksjon og utnytting av beitegras er til dels knytte til korleis hyppig beiting påverkar overvintring av  plantesetnaden, og til kva temperatur og nedbørmengd har å seie for moglegheita for å utnytte beitegraset. Årsnedbøren varierer frå om lag 250 mm i indre austlandsstrøk til om lag 4000 mm enkelte stader på Vestlandet. Der det er mest nedbør, er det også mest myrjord, og kombinasjonen av mykje regn og myrjord gjer det vanskeleg å få til gode beiteopplegg. Overflatedyrka beite utgjer vel 20 % av eng- og beitearealet i Noreg. I Rogaland ligg heile 45 % av eng- og beitearealet på  overflatedyrka jord. Denne beitetypen kan gi spesielle vanskar med omsyn til mekanisk pussing og til å forsyne med gjødsel og kalk til rett tidspunkt.

 

 

Ambisjonar for beiteopplegget

Utfordringane er sterkt avhengige av kva ambisjonar brukaren har for beiteopplegget. Er ambisjonen å oppfylle krava til åtte vekers beitetid, eller er det å utvikle beitebruken til ei lønsam driftsform? Vel ein det første, kan ein ha haustkalving og avgrense beitinga til åtte veker frå slutten av mai til slutten av juli, vel ein det siste kan ein ha vårkalving og satse på høgt fôropptak på beite. Det finst døme på gardsbruk der beiteopptaket utgjer så mykje som 40 % av årsfôret til mjølkekyr. På økologiske bruk er ofte arealet av dyrka jord ein minimumsfaktor. Haustkalving og beiting i utmark heile sommaren er såleis eitt aktuelt alternativ. Ei god utnytting av den nære utmarka er eit viktig mål for driftsopplegget på økologiske gardar.

 

 

Ulike typar beite

Beitebruken kan vere svært ulik på inn- og utmarksbeite. Det er såleis nødvendig å klargjere kva beitetype ein meiner, når ein skal drøfte etablering, stell og utnytting av beite. Ei grov inndeling er synt nedanfor:

 

  • Beite på fulldyrka jord
    • eittårige beite, sådde med eitt- eller toårig raigras, fôrraps og liknande
    • fleirårige beite, sådde med gras og/eller kløver
    • berre beite eller jord nytta til både slått og beiting
  • Beite på overflatedyrka jord
    • gjødsla eller ugjødsla beite
    • beite som kan /ikkje kan pussast mekanisk
  • Utmarksbeite
    • beite i nær utmark, rydda skog og liknande
    • skogs- og fjellbeite

 

Lover og reglar

Les mer om lover, forskrifter og reglar om bruk av beite og beitedyr hos Mattilsynet.