Kyr tåler godt uisolerte fjøs
Resultata er frå prosjektet Landbruksbygg i Arktis (LiA 2002-2008).
Britt I. F. Henriksen (Bioforsk Økologisk), Inger Hansen (Bioforsk Nord Tjøtta), Jo Gjestvang (Helsetenesteveterinær) og Birgit Tverås (TINE Rådgiving og Medlem, TINE Midt-Norge)
Eit delmål i LiA 2002-2008 er at dei 8 pilotbygga i prosjektet skal sikre helse, miljø og velferd for både dyr og menneske. Det er viktig at fokus på billigare bygningar ikkje går ut over omsynet til dyras velferd. Prosjektet ønska derfor å få ei vurdering av dyras velferd i dei uisolerte fjøsa og få samanlikna velferdsnivået i LiA-bruka med isolerte lausdriftsfjøs.
Velferdsvurderinga vart gjennomført som gardsbesøk i løpet av februar 2007 til kvar av dei åtte LiA-gardane som var i drift. For å vurdere dyras velferd vart det bruka vurderingsskjema frå «Økologisk Ku-komfort» som er eit rådgjevingsopplegg om dyrevelferd utvikla for økologiske mjølkeprodusentar. Velferdsvurderinga besto av ei rekkje standardiserte spørsmål og målingar, både dyrebaserte og miljøbaserte. Vurderinga vart utført av ein TINE-rådgivar og ein Helsetenesteveterinær i form av eit besøk under fjøsstellet. Dette var erfarne rådgjevarar som har vore med å utvikla rådgjevingsopplegget. I tillegg til diskusjon i fjøsa, vart det sendt ut ein skriftleg rapport til bruka i etterkant av kvart besøk.
Kalvane dårlegast ut
I alle besetningane var det forhold som ut frå omsyn til dyrevelferd kunne ha vore gjort betre. Som i mange andre fjøs var det kalvane som kom dårlegast ut. Oppstallinga var prega av midlertidige løysingar, eller kalvane sto igjen i det gamle (isolerte) fjøset, som kunne være mørkt, trongt og fuktig. Figur 1 viser ei oversikt over velferdsnivået til kalvane på dei ulike LiA-bruka. Det er vanskeleg å samanlikne resultata frå gardane fordi enkelte registreringar manglar på dei ulike gardane, og kva punkt som manglar varierer.
![]() |
Figur 1. Dyrevelferden hos kalv på dei åtte LiA-bruka, vist med antal merknader av bra, middels og dårleg dyrevelferd. Graderinga "dårleg" betyr at tiltak bør gjerast umiddelbart, og "middels" betyr behov for tiltak på lang sikt. Graderinga er basert på vurderingar av kalvingsboks, Individuell vurdering av kalv og ungdyr, sosiale forhold i fellesbinge, og forhold inne og ute.
Alle bruka hadde område dei burde forbetre, og fleire av bruka vart anbefalt å gjere forbetringar umiddelbart. Dette gjaldt lys- og luftfukt, og fare for trekk. I tillegg gjaldt det dårleg vasstilgang og råmjølkstildeling. Berre eitt av pilotbruka hadde innlemma kalvane i kaldfjøset frå fødselen av. Dette var ei god løysing, mellom anna fordi det gir god oversikt over alle dyra, samtidig som det sparer arbeid å ha alle dyra i eitt rom. I det uisolerte fjøset anbefalast toklimarom. Det vil seie delvis isolert liggeavdeling (tre veggar, tak og liggeunderlag med god isolasjonsevne) og ikkje isolert aktivitetsavdeling.
Tillitsfulle kyr
Alle kyrne på dei ulike bruka var forholdsvis tillitsfulle. Det var litt meir variasjon mellom bruka i forhold til kalv, men bruket med flest tillitsfulle kalvar hadde også flest tillitsfulle kyr. Ein tur inne i bingen hos kalvane kvar dag gjer kalvane vane med menneske, samtidig som det gir ein ekstra anledning til overvaking av dyra. Ei kvige som er vant med kontakt og handtering av menneske frå ho er kalv vil truleg være rolegare og mindre stressa når ho skal til å bli mjølka.
![]() |
| Andreas Steinnes ved Bones samdrift i Bardu ser til at kalvane får nok mjølk. Foto: Inger Hansen |
Dårlege klauvar
Dei fleste bruka hadde fleire kyr med dårlege klauvar. Hovudårsaka var dårlege klauvskjeringsrutinar. Kyrne var stort sett middels reine, det vil seie rundt 20 prosent av dyret var tilgrisa. Det var litt mørkt i enkelte av fjøsa, men elles var miljøforholda ganske greie hos kyrne. Tabell 1 gir ei oversikt over helsestatusen for 2006 i besetningane.
Tabell 1. Oversikt over helse ku (henta frå årsutskrift og helseutskrift 2006).
| Gard | Mjølk | Infeksj. nivå jur | Celletal | Mastitt | FS- tall | Feitt | Protein | Urea | Tynne kyr |
| 1 | 6527 | 24 | 233 | 0,18 | 98 | 4,09 | 3,48 | 4,6 | 22,7 |
| 2 | 5308 | 19 | 165 | 0,5 | 92 | 4,07 | 3,29 | 3,7 | 4,8 |
| 3 | 6653 | 19 | 123 | 0,2 | 78 | 4,63 | 3,53 | 3,8 | 8,3 |
| 4 | 7139 | 10 | 53 | 0,13 | 146 | 3,72 | 3,38 | 4,3 | 8,7 |
| 5 | 6189 | 18 | 131 | 0,09 | 38 | 4,39 | 3,32 | 5,1 | 17,6 |
| 6 | 5323 | * | * | * | * | 4,34 | 3,3 | * | 0 |
| 7 | 6654 | 28 | 190 | 0,13 | 97 | 4,43 | 3,43 | 4,9 | 0 |
| 8 | 6177 | 0 | * | 0 | 0 | * | * | * | 4,3 |
| Snitt | 6586 | 19,8 | 119 | 0,232 | 60,4 | 4,16 | 3,35 |
I tabellen er mjølk målt i kg per årsku, infeksjonsnivået i prosent av celletal meir enn 200 000, celletal er i 1000 per ml og mastitt er målt i tal tilfelle per årsku. Fett, protein og del tynne kyr er gitt i prosent. Ureanivået er målt i mmol per liter. Snitttalet er for Norge i 2006
Høgare innhald av feitt og protein?
Urea-innhaldet i mjølka varierer noko mellom gardane, men ligg alle mellom 3 og 5 mmol/liter, som er normale konsentrasjonar. Protein- og feittprosenten i mjølka på gardane er nokon lunde lik mellom gardane. Tidlegare studie av LiA-bruka viste at feitt- og proteinprosenten i mjølka gjekk opp etter overgang frå isolert til uisolert fjøs. Ei samanlikning med fire isolerte lausdriftsfjøs viste høgare gjennomsnitt av både proteininnhaldet og feittinnhaldet i mjølka, men det var ingen sikre forskjellar.
Betre fruktbarheit
FS-talet er eit samlebegrep for buskapens fruktbarheitsstatus. FS-talet grupperast som svak (under 40), middels (40 - 80) eller god over 80). Landsmiddelet er om lag 60. Alle, bortsett frå gard 5, ligg over landsmiddelet i fruktbarheitsstatus (gard 3 på grensa til "god"). Fruktbarheita til kyrne på gard 5 kan ha vorte påverka av lite lys i fjøset, og kanskje særleg for kvigene som gjekk i gamlefjøset. Dårleg fôrsesong sommaren før kan også ha verka inn. Samanlikning med isolerte lausdriftsfjøs i Nordland, Troms og Finnmark knyta til prosjektet "Løsdrift for storfe" (også kalla Kubygg) viste ein klar tendens til at FS-talet er høgare på dei uisolerte bruka enn dei isolerte. Kubygg-prosjektet blir leia av Norges Veterinærhøgskole i samarbeid med Universitetet for miljø- og biovitenskap og Høgskolen i Nord-Trøndelag.
Jurhelse
Mastitt-tilfeller per årsku ligg under landsmiddel på alle gardane, bortsett frå gard 2. Den låge temperaturan (< 5 grader) og den låge luftfuktigheita (< 70 prosent) som var i fleire av fjøsa verkar truleg gunstig på det bakterielle smittepresset. Celletalet ligg derimot over landsmiddel på alle gardane, bortsett frå gard 4. Gjennomsnittleg celletal for Nordland, Troms og Finnmark er respektivt 116, 130 og 127 (Roalkvam 2007), men gard 1, 2 og 7 ligg også høgare enn dette.
Like god dyrevelferd
I alle besetningane var det forhold som ut frå dyrevelferdsomsyn kunne ha vore gjort betre. Kalvane kom dårlegast ut. Oppstallingsforholda var prega av midlertidige løysingar, eller kalvane sto igjen i det gamle (isolerte) fjøset, som kunne være mørkt, trongt og fuktig. Dette gjaldt også ofte for ungdyra.
Det ser ut til å være betre fruktbarheit hos kyrne i dei uisolerte fjøsa. Bortsett frå dette, kan vi ikkje seie at dyrevelferden er korkje dårlegare eller betre i dei uisolerte LiA-fjøsa i forhold til isolerte lausdriftsfjøs.
Vi ser at det er ekstra utfordringar i uisolerte fjøs når vind og vær endrar klimaet i fjøset ganske raskt. Her har eigar og røktar i uisolerte fjøs eit ekstra ansvar. I kaldfjøs, som i dei fleste andre fjøs, er det røktaren som er den viktigaste faktoren med omsyn på å sikre dyra god velferd.



