Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Kven blir årets leverandør?

Rørosmeieriet får pris Årets leverandør 2005
Bli med og nominer kandidatar til kåringa av «Årets leverandør av økologiske produkt». Det er fjerde året at Den norske Matfestivalen, Møre og Romsdal fylke ved landbruksavdelinga og Bioforsk Økologisk vil dele ut prisen. Utdelinga vil skje under Matfestivalen i Ålesund 28. august.


Møre og Romsdal fylke, landbruksavdelinga

I samband med satsinga både nasjonalt og regionalt for å få dei økologiske varene ut til forbrukarane, er det av interesse også å få fram leverandørar som utmerkar seg ved å selje økologiske varer til mellom anna dagligvarehandelen.

Det er fjerde året prisen vert delt ut. Tidlegare prisvinnarar er:

  • 2005: Rørosmeieriet (bilde)
  • 2006: Trygve og Erna Sundt
  • 2008: Godt Brød

Prisen vert finansiert av Statens landbruksforvaltning, og består av diplom og vakker billedkunst.

Statuttar for «Årets leverandør av økologiske produkt»:
Prisen skal delast ut til ei bedrift eller ein person som leverer eitt eller fleire økologiske produkt. Prisvinnaren eller prisvinnarane skal gjennom sitt virke ha vist at han/ho har forståing for det økologiske konseptet. Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre og halde ein høg standard. Produkta skal i hovudsak omsettast gjennom daglegvarehandelen.

Juryen som behandlar innkomne forslag har medlemmer frå følgjande organisasjonar:

  • Coop
  • Debio
  • St Olavs Hospital
  • Møre og Romsdal fylke
  • Den Norske Matfestivalen i Ålesund
  • Bioforsk Økologisk

Forslag til priskandidatar kan sendast kirsti.hjelme.connor@mrfylke.no.
Frist for å komme med forslag er 24. juni 2008.