Økonomisk berekning for eple til juice
eksempel frå Sogn
Balholm AS har gitt eit tilbod for 2008 der oppgjerspris for kontraktdyrka økologiske eple levert lager er kr 7 per kg. Sogn jord- og hagebruksskule sel økologiske konsumeple i sin gardsbutikk til kr 32-35 per kg. Ved levering til grossist vil truleg kr 14 per kg vera ein realistisk pris. Dersom vi set ei forventa avling i full bering til 1000 kg per dekar levert til Balholm AS og 250 kg per dekar til konsum, vil det gje ei årleg inntekt på 7000 kr per dekar frå pressfrukta og minst 3500 kr frå konsumfrukta, før tilskot og trekk.
Marianne Bøthun, Arne Vidar Tyssen, Olav Sørum og Dag Røen
Til økologisk frukt blir gitt vanleg Areal- og kulturlandskapstilskot (AK), evt. med tillegg for brattlendt areal og eit ekstra økotilskot per dekar for karensareal/økologisk areal. Om frukta blir kontrollert og stettar krava får produsenten eit Distrikts- og kvalitetstilskot (DK) per kg kl 1 frukt i tillegg. AK- og DK-tilskota varerier med region av landet. For 2008 er karenstilskotet kr 250 og økotilskotet kr 1000 per dekar.
Innfrakt til Balholm om dei står for transporten, utgjorde i 2007 kr 0,50 per kg. Debioavgift per bruk/år er kr 1100 + kr 5 per dekar økologisk areal og kr 450 dersom bruket også har konvensjonell produksjon. Om konsumfrukta blir pakka ved eit fruktlager kjem eit trekk for pakking, lagring og eventuelt emballasje og transport til frådrag. Tilskota varierer frå region til region og trekket vil variera frå lager til lager alt etter omsetning og avtalar. Det er derfor vanskeleg å setja opp eit generelt rekneskap, men i tabell 3 er det sett opp eit døme på ei slik utrekning med utgangspunkt i feltet i Aurland.
Tabell 1 Arbeidsforbruk i timer per dekar ved etablering av felt i 2004
| Arbeid |
Timer per dekar |
| Oppmåling, pløying, steinplukking, slodding, harving |
5,3 |
| Plastlegging |
2,2 |
| Montering av vatningsanlegg |
3,1 |
| Stikking og planting (inkl. trekking av dryppslangar) |
25,4 |
| Oppstøtting |
6,3 |
| Såing og tromling av køyregang |
1,7 |
| Oppsetting av hjortegjerde |
4,5 |
| Sum arbeidsforbruk etablering |
48,3 |
Tabell 2 Arbeidsforbruk i timer per dekar ved drift av felt frå 2005 til 2007
| Arbeid |
2005 |
2006 |
2007 |
|
Innplanting av erstatningstre |
2,5 |
0 |
0,3 |
|
Oppstøtting og oppbinding (inkl. skifte av knekte stolpar) |
1,5 |
0 |
0,2 |
|
Gjødsling |
1,5 |
1,8 |
0,8 |
|
Vatning |
2,3 |
0,5 |
0,1 |
|
Slått av køyregang |
1,0 |
2,0 |
1,8 |
|
Ugraskontroll (luking, flislegging, vedlikehald plastdekke) |
2,9 |
4,0 |
4,9 |
|
Skjering og forming |
2,4 |
11,7 |
6,1 |
|
Avlingsregulering (pinsering av blomar, tynning av kart) |
0,8 |
0,7 |
2,6 |
|
Tiltak mot skadedyr (inkl. påsetting av stammevern) |
2,0 |
0,6 |
0,6 |
|
Tiltak mot sjukdomar |
0 |
0 |
0 |
|
Hausting |
0,2 |
0,9 |
3,5 |
|
Sum arbeidsforbruk drift |
17,1 |
22,2 |
20,9 |
Tabell 3 Driftskostnadar i kr per dekar frå 2004 til 2007
|
2004 |
2005 |
2006 |
2007 |
|
|
Planter |
12750 |
0 |
0 |
0 |
|
Plast, gjødsel og frø |
2100 |
115 |
0 |
0 |
|
Vatningsanlegg (inkl. tank) |
3150 |
315 |
630 |
0 |
|
Oppstøtting og oppbinding |
3400 |
770 |
155 |
85 |
|
Hjortegjerde |
1250 |
170 |
175 |
0 |
|
Jordleige |
500 |
500 |
500 |
500 |
|
Andre driftskostnader |
400 |
1730 |
0 |
0 |
|
Sum driftskostnadar |
23550 |
3600 |
1460 |
585 |
Kostnadar til vatningsanlegg i 2004 inkluderar innkjøp og oppsett av 20.000 l Hansa-tank i overkant av feltet, og "andre driftskostnader" i 2005 er stort sett kostnader knytt til flytting av tanken til ny stad.
Tabell 4 Kalkyle for dekningsbidrag per dekar for eit 20 dekars økologisk eplefelt
|
|
Kg |
Kr per kg |
Kr per dekar |
Sum per dekar |
|
Konsumfrukt |
250 |
14,00 |
|
3500,00 |
|
Pressfrukt |
1000 |
7,00 |
|
7000,00 |
|
Årleg driftskostnad |
|
|
- 2000,00 |
- 2000,00 |
|
Etableringskostnad/20 år |
|
|
- 1200,00 |
- 1200,00 |
|
Inntransport pressfrukt |
1000 |
- 0,50 |
|
- 500,00 |
|
Pakketrekk konsumfrukt |
250 |
- 2,00 |
|
- 500,00 |
|
Debioavgift - basis |
|
|
- 110,00 |
- 110,00 |
|
Debioavgift - areal |
|
|
- 5,00 |
- 5,00 |
|
Dekningsbidrag |
|
|
|
6185,00 |
|
Distrikts- og kvalitetstilskot |
750 |
3,65 |
|
2737,50 |
|
Areal- og kulturlandskapstilskot |
|
|
800,00 |
800,00 |
|
Arealtilskot til økologisk landbruk |
|
|
1000,00 |
1000,00 |
|
Dekningsbidrag inkl. tilskot |
|
|
|
10722,50 |
Føresetnader for DB-kalkylen:
- Feltet ligg i Sogn
- Garden driv berre økologisk
- Alle kostnader med deltaking i Debio-ordninga vert dekt av dei 20 dekar med eple
- Omløpstida er 20 år
- Feltet har i omløpstida ei gjennomsnittleg årleg avling på 1250 kg per dekar der 60 % held klasse 1, 20 % vert levert Sognefrukt AS til konsum, dei øvrige 80 % går til Balholm AS på kontrakt
- Etableringskostnad er kr 24000 per dekar


