Gjødsel & næring

Heilårs grøngjødsel - plantenæring eller forureiningskjelde?

Snitteutstyr groenngjoedsel. Foto: Høgskolen i Hedmark
Heilårs grøngjødsel er ei viktig nitrogenkjelde til økologisk korn i eit omlaup utan tilgang på husdyrgjødsel. Dagens praksis med fleire gongars slått og grønmasse som vert liggjande på stubben for å rotne, medfører stor risiko for nitrogentap. I feltforsøk på næringsrik jord vart det funne at grønmassen i svært liten grad bidrog til byggavlinga året etter.

Randi B Frøseth, Sissel Hansen (Bioforsk Økologisk) og Anne Kjersti Bakken (Bioforsk Midt-Norge)

Belgvekstrik eittårig grøngjødseleng er ei viktig nitrogenkjelde for kornplantar i eit økologisk omlaup utan tilgang på husdyrgjødsel. For å få tilskot til grøngjødselareal skal grønmassen verken beitast eller haustast.

I dagens praksis vert grøngjødsla slått fleire gongar i vekstsesongen, hovudsakleg for å kontrollere ugras. Grønmassen som vert liggjande att på stubben for å rotne, er svært utsett for tap av nitrogen (N) til luft og vatn. Konservering av grønmassen og lagring over vinteren for tilføring som gjødsel neste vår kan vere eit alternativ for å redusere N-tapa. Gjødselverdien av konservert vare bør då vere større enn av attliggjande plantemasse og kunne vege opp for energibruk og kostnader knytt til konservering og tilbakeføring.

Målet med vårt forsøk var å undersøkje i kva grad N i liggjande grønmasse bidreg til byggavlinga året etter. Arbeidet er gjort som ein del i det strategiske instituttprogrammet «Økologiske dyrkingssystem for høgare og meir stabile kornavlingar».

Material og metode

To-årige feltforsøk vart lagt ut på økologisk jord på Kvithamar (Felt 1) og Apelsvoll (Felt 2) i 2005. Jordarten var høvesvis siltig mellomleire og lettleire. Nedbør i vekstsesongen 2005, påfølgjande vinter og vekstsesong var 470, 550 og 220 mm for felt 1 og 270, 340 og 220 mm for felt 2. Grøngjødsel med raudkløver (0,5 kg per dekar), italiensk raigras (1 kg per dekar), vikke (8 kg per dekar) og honningurt (0,5 kg per dekar) i blanding vart sådd våren 2005. Etter slått vart grønmassen anten liggjande på bakken (GML) eller fjerna (GMF) frå rutene. Grøngjødsla på felt 1 vart pløgd ned dagen før såing av bygg våren 2006, mens felt 2 vart pløgd hausten 2005. Ingen annan gjødsel vart tilført.

Kornavling og overjordisk biomasse av grøngjødsel vart registrert ved å hauste ruter på 9,75 m2 (felt 1) og 20 m2 (felt 2). Stubbhøgda på grøngjødsla var 5-6 cm. Kornkvalitet i form av tusenkornvekt, hektolitervekt, protein- og stiveinnhald vart analysert i prøvar frå alle rutene. Overjordisk biomasse av byggplantar ved tidleg strekking (Zadoks 30) vart hausta frå alle ruter frå eit areal på 0,25 m2, og analysert for innhald av N. Mineral N i jord (0-25 cm) vart målt ein månad etter siste grøngjødselslått (felt 1 vart målt 7. november, og felt 2 den 19. oktober(før pløying)) og om våren (dagen før pløying av felt 1).

Resultat

Byggavlinga på felt 1 var 10 % lågare på ruter der grønmassen var fjerna frå rutene året før (Tabell 1). Halmavlinga var 15 % lågare på dei same rutene. Det vart ikkje funne forskjell mellom dei ulike behandlingane i N-innhald i kornplantar ved tidleg stråstrekking (4,6 %) eller i hektolitervekt, tusenkornvekt, mengde protein (11,3 %) eller stive.

Tabell 1. Byggavling (kg tørrstoff per daa) etter heilårs grøngjødsel der grønmassen vart liggjande (GML) eller fjerna (GMF) etter kvar slått. Standardfeil i parentes (n=4)

 

 GML

 GMF

  P %

 Felt 1

 240 (14)

 217 (11)

 < 5

 Felt 2

  237 (16)

 225 (22)

 i.s.

På felt 2 vart det ikkje funne forskjell i kornavling, N innhald i kornplantar (3.8 %), proteininnhald i kornet (10.5 %) eller i dei andre kvalitetsparametrane mellom dei to behandlingane av grønmassen.

På felt 1 var tørrstoffavlinga og N avlinga av tredje slått av grøngjødsla 36 % lågare med GMF enn ved GML (P < 5 %). Det var tendes til større del belgvekstar på ruter med GMF. På felt 2 var det ikkje statistisk signifikant forskjell mellom GML og GMF i tørrstoffavling i tredje slått, men det var tendens til høgare tørrstoffavling for GMF. På ruter med GMF var N-avlinga høgare enn på ruter med GML, noko som skuldast større del belgvekstar på desse rutene.

Soylediagr gronngj Froseth mars 2008

Figur 1. Mengde total N i tre slåttar av grøngjødsel (G), mineral N i jord (0-25 cm) og total N i byggkorn året etter grøngjødsel der slåtten vart liggjande (GML) eller fjerna (GMF) frå stubben.

På begge felta var det tendens til at mengde mineral N i jord om hausten var høgare med GML enn GMF. Om våren kunne ein ikkje påvise nokon forskjell i mineral N i jorda mellom ledda. Likevel var mengde N i kornavling 9 % høgare (P < 5 %) med GML enn med GMF på felt 1. Denne meiravlinga på 0,4 kg N per dekar tilsvara 3 % av N mengde i overjordisk biomasse av grøngjødsel året før (Figur 1).

Diskusjon

Rødkløvereng. Foto: Siri Abrahamsen
Rødkløvereng. Foto: Siri Abrahamsen

Sidan berre ein svært liten del av N i grønmassen ser ut til å ha vorte teke opp av byggplantane det påfølgjande året, må hovud N-kjelda til kornet vere det organiske materiale i jorda, inkludert stubb og underjordisk biomasse av grøngjødsel. At etterverknad av grøngjødsel på kornavling i liten grad er påverka av om grønmassen er fjerna eller ikkje er i tråd med andre undersøkingar (Solberg 1995). Forsøka våre var på næringsrik jord (C/N = 11), og resultata tyder på at N ikkje har avgrensa veksten. Kor stor del av N frå grønmassen som gjekk tapt ved utvasking eller gasstap og kor stor del som vart bygd inn i organisk materiale, og dermed tilgjengeleg for seinare kulturar, vart ikkje målt. At det ikkje vart utslag for behandlingane på felt 2, kan ha samanheng med vintertap av N som følgje av at grøngjødsla her vart molda ned om hausten og ikkje om våren.

Ein del av dei problemstillingane som er nemnt i avsnittet over håpar me å få svar på gjennom det 4-årige forskingsprosjekt «Improving barley yields in organic stockless farming systems through innovations in green manure management». Der skal ein mellom anna undersøkje korleis ulike grøngjødselhandteringer, deriblant tilførsel av fermentert grønmasse, kan auke N-utnyttinga frå grøngjødsla og hindre tap av N, påverke jordstruktur og fôrverdi av kornet. Resultata skal implementerast i gjødslingsplanleggingsprogrammet Skifteplan.

Konklusjon

Resultata viser 10 % lågare eller ingen forskjell i byggavling etter heilårs grøngjødsel der grønmassen vart fjerna frå feltet samanlikna med der han vart liggjande etter kvar slått. Meiravlinga på 0,4 kg N per dekar tilsvarte berre 3 % av N i overjordisk plantemasse av grøngjødsla.

Referanse

Solberg, S. Ø. 1995. Nitrogenfrigjøring og ettervirkning ved bruk av grønngjødsel på utvalgte jordtyper på Østlandet. Norsk Landbruksforsking 9(3-4):117-132.