Plante-dyrking

-Ramsløk

Ramsløk blomsterstand
Foto: Sølvi Svendsen

Ramsløk har eigenskapar som minner om kvitløk. I det siste er den vorten populær i mange kjøkken. Ramsløk veks vilt i Noreg og finst i eit belte rundt kysten frå Oslofjorden til Trondheimsfjorden. Men kan vi dyrka denne planten i hagane våre, og i kommersiell dyrking?


Av Gunnhild Børtnes, Bioforsk Øst

 

På Bioforsk Øst Kise har vi sommaren 2007 fått samla inn klonar av ramsløk frå ulike stader på kysten i Sør-Norge. Flest klonar er samla inn i Hordaland, men elles har vi klonar frå Surnadal i nord, til Frogn på austsida av Oslofjorden. Målet er å sjå om vi kan dyrka ramsløk som grønsak på friland. Vi må samla kunnskap om planta sine krav til jord, vatning og næring.

Vi veit til dømes ikkje kor mykja av planta ein kan hausta utan at den vert svekka, kvar kan den dyrkast her i landet, korleis vi kan oppformeira den på ein rasjonell måte, eller kor tett kan den plantast. Det vil ta nokre år før vi får svar på desse spørsmåla. Dei innsamla plantene skal etablerast i felt på Bioforsk Øst Apelsvoll våren 2008.

Veksestad og biologi
Ramsløk (Allium ursinum) er ein typisk skogbotnplante og veks på næringsrik moldjord i skuggefull lauvskog i kyststroka frå Oslofjorden til Nord-Trøndelag og. Den veks på heilt andre veksestader enn dei andre løkartane. Den kan breia seg enormt og fullstendig dekka store områder( Fægri 1970). Ramsløk høyrer til liljefamilien. Med sine breie flate blad og forholdsvis store kvite blomster skil ramsløken seg sterkt frå dei andre løkartane. Blada kan minna om liljekonvallblad. Men blada er mørke grøne, og lukta kan ein ikkje ta feil av.

Det stjerneforma kvite blomstrane er samla i ein stor, rund skjerm i toppen av ein trekanta stengel. Løken er lang og smal. Plantene blir om lag 30 cm høye, blomstrar i mai-juni og veks til vanleg i tette bestand. I Sverige er ramsløken freda, men her i Norge er det lov å plukke den. Ein kan nemna at ramsløk er kommuneblomst i Os kommune i Hordaland. Ramsløk vert selt i einskilde planteskular.

Ramsløk i maten
Ramsløkblader vert i dag samla inn frå ville bestand og vert selt på små glas som ein slags pesto av blad, salt og olje til bruk ved sida av kjøt, som tilsetting til rømmedressing, smør eller ost. Opphakka blader kan brukast i salatar og som krydder til kjøttrettar, men blada bør brukast på førsommaren før blomstring.

Smaken er karakterisert som ein blanding av kvitløk og grasløk og er ikkje så «ram» som namnet skulle tilsei. I den siste tida har fleire kokkar byrja å bruka ramsløk, gjerne hausta med både blad og løk. Det vert tilrådd å bruka den på same vis som vårløk, men løksmaken kan vera sterkare enn hjå vårløk slik at den må brukast med varsemd (Ingram 2000).

Bioforsk og Matforsk samarbeider om eit prosjekt med urter til spekepølse, der ramsløk er ein av urtene som blir brukt.

Tidligare bruk
Både geit og kyr forsyner seg av ramsløk i beite, men den set då smak på mjølk og ost. Og frå tidligare tider vart det rekna for uheldig å ha ramsløk på beite, slik at dyra åt den (Solberg 2003). Ramsløk vart tidligare brukt av menneskjer som middel mot mark. I krigsåra 1940-45 vart ramsløk brukt i matlaginga i mangel av tilgang på vanleg løk. Ryvarden (1994) skriv at olje av ramsløk vart brukt som antiseptisk middel fram mot vår tid.

Sidan ramsløk veks i tette bestand vert det fortalt at ein i Sverige dyrka ramsløk kring humleplanter for å halda ugraset vekke (Ljungqvist 2007).

Medisinsk
Ramsløk vert samanlikna med kvitløk når det gjeld åreforkalking og høgt blodtrykk, samtidig som den reinsar blod, mage og tarm. Den har høgt innhald av vitamin-C og mineral og har vore brukt mot sjukdomar hjå dyr (Ljungqvist 2000). Ramsløk må brukast rå, sidan tørking fører til at den misser verksame stoff. Om våren nyttar ein unge friske blad, og om hausten grev ein opp løkane (Pahlow 2000).

Litteratur
Fægri, K. 1970. Noregs Planter Bind 1. Cappelen forlag. 334 s.
Ingram, C. 1996. Grønnsaker. Retter og råvarer. Cappelen forlag. 256 s. ISBN 82-02-18650-1
Ljungqvist, K. 2007. Nyttans växter. Calluna forlag. 590 s. ISBN 978-91-631-9953-0
Pahlow, M. 2000. Das Grosse buch der Heilpflanzen. Bechtermünz Verlag. 526 s.ISBN 3-8289-1839-5
Ryvarden, L. 1994. Norges planter, bind 4. Cappelen forlag. 186 s. ISBN 82-02-14253-9
Solberg,S.Ø. 2003. Løkvekster-en profil av produksjon, varebhandling og økologi. Planteforsk Grønn Kunnskap. Vol. 7. Nr. 14. 70 s. ISBN 82-479-0367-9

Artikkelen stod i Grobladet 4/2007