Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Økologisk samarbeid på Vestlandet

Samarb vest
Alle som arbeider for økologisk landbruk eller forbruk på Vestlandet, er invitert til å delta i eit nystarta nettverk og samarbeidsforum. Det er Økoringen vest og Oikos vest som har tatt initiativet til samarbeidet. No inviterer dei andre med same målsetning - styrke utviklinga av økologisk landbruk  og forbruk - til å delta i eit tredelt samarbeid. Det består av eit nettverk, eit samarbeidsforum og Økoting Vestlandet. 

Samarbeidet vart etablert i Aurland 27. september, saman med Sogn jord- og hagebruksskule, Forsøksringen Hordalands økologiske faggruppe og Kompetansenavet for småskala matproduksjon.

Dette skriv Henning A. Hellebust, styreleiar i Oikos vest, om samarbeidet:

Økoting
Vi ser for oss eit årleg økoting, der alle aktørar innan den økologiske matvarekjeda vert invitert til ei form for rundebordskonferanse. Her presenterer deltakarane si økosatsing, og trekk fram utfordringar ein kan sjå behov for å samarbeide om, eller treng hjelp til. Under konferansedelen vert det tydeleg om ein har felles problemstillingar og oppgåver. Andre del av Økotinget går ein saman i mindre økoverkstader, og jobbar vidare med problemstillingane som kom fram i rundebordskonferansen. Økotinget vert også krydra med dyktige innleiarar, og skal fungere som brubyggjar mellom ulike aktørar.

Samarbeidsforum
Etter Økotinget sit ein altså att med saker ein kan jobbe vidare med i Samarbeidsforumet. Dette vert då ein møtearena for konkrete samarbeidsprosjekt, på tvers av organisasjonar og bransjar. I praksis vert forumet opent for alle som ønskjer å samarbeide i prosjekt for økologisk framgang. Møta vil bli haldne ved behov, og agenda vert delvis styrt av oppgåvene frå Økotinget, men sjølvsagt også saker som måtte dukke opp gjennom året. Det er ikkje sikkert alt er relevant for alle.

Nettverk
I tillegg treng vi ein nettverks- og koordineringsfunksjon. Ønsket frå skipingsmøtet, er at Oikos vest skal ta på seg rolla som sekretariat. Det vil til dømes sei å syte for informasjonsflyt og synleggjering av ressursar. To virkemiddel er ei nettside med informasjon om deltakarane og deira prosjekt, og ei velfungerande mailingliste.

Oikos vest kan også organisere førebuing av møter og saker, slik at vi får ein samordna møtestruktur og ein samordna dagsorden. Slik kan samarbeidet  fungere etter intensjonen.

Pådrivar
Det er lite truleg at alle i samarbeidsforumet vil ha likt syn på alt, og deltakarane kan i enkelte tilfelle sitte på motsett side av bordet. Vi trur likevel nettverket kan vere ei kontaktflate der dei som er einige kan finne kvarandre, og danne adhoc-pressgrupper når det er naudsamt. Det gjeld ovanfor styresmakter og andre dominerande aktørar, eller utvikling av regelverk. Vi er sterkare når vi står saman.

Økologisk region
For at vi skal dra i same retning, må deltakarane ha ein sams målsetting. Vi har difor nytta ambisjonen i Handlingsplanen for økologisk landbruk, forvalta av Fylkesmennenes landbrukskontor. Visjonen er eit Vestlandet som økologisk region. Målsetnaden med arbeidet er å styrke økologisk landbruk og forbruk gjennom å:

  • Arbeide for auka omlegging og økologisk nyskaping.
  • Arbeide for å betre rammevilkåra for økologisk landbruk.
  • Drive med informasjon, motivasjon og haldningsarbeid.
  • Arbeide for betre omsetning og marknadstilgong for økologiske produkt.

Vi inviterer difor alle som vil jobbe for å styrke økologisk landbruk og forbruk på Vestlandet til å melde seg inn i nettverket ved å sende e-post til vest@oikos.no. Det er positivt om de skriv nokon ord om kontaktpersonar, kontaktinformasjon og økomålsetnader. Det er også fint med tilbakemeldingar på samarbeidsprosjektet så langt, og kva de forventar dykk av det. Føl elles med på våre nettsider: www.oikos.no/vest, klikk på "økosamarbeid" i venstre marg.

Vi reknar med å komme i gang med første møte i samarbeidsforumet i løpet av hausten, der vi mellom anna vil planlegge Økotinget. Håpar å høyre frå flest mogeleg snarast!