Klima & miljø

Enøk i landbruket

Boka gir ei innføring i tiltak ein kan gjere for å minske energibruken i bygningar for husdyr- og planteproduksjon samt bustader utan å redusere trivselen. Boka beskriv òg ulike typar fyringsanlegg og gir døme på lønsemdberekningar.

Eit stort forbruk krev at vi stadig må byggje ut fleire og dyrare energikjelder. Dette har vi allereie merka ved at energiprisane har stige. Energiøkonomisering vil derfor komme til å bli stadig viktigare i åra framover, både for oss som privatpersonar og i samfunnssamanheng.