Plante-dyrking

-Agronomi og økonomi på 16 gardar med økologisk korndyrking

Rapporten «Agronomi og økonomi på 16 gardar med økologisk korndyrking» fra 2005 formidler erfaringer fra 16 demonstrasjonsgarder på ulike steder i Norge som har ulike driftsformer.

Opplysningar om korleis korn og eventuelt erter og åkerbønner vert dyrka på desse gardane, og økonomien ved dette, vart innhenta gjennom intervju med gardbrukarane.  Intervjuet føregjekk på den enkelte gard. Til den agronomiske delen vart det stilt spørsmål om jordarbeiding, såing, artar og sortar, gjødsling, underkultur, ugras, ugrasharving, sjukdomar, skadedyr, hausting og eventuelt fôring med eige korn. Også generelle opplysningar om garden som til dømes klima- og jordtilhøve, vekstskifte og omlegging til økologisk landbruk vart innhenta. Økonomisk resultat er framstilt ved hjelp av «Planleggingsprogram for omlegging til økologisk landbruk». Opplysningar frå driftsrekneskap, årsutskrift, effektivitetskontroll, kornoppgjer, gjødselplan og fôranalysar av eige kraftfôr vart brukt til dette.

Rapporten inneheld ikkje fullstendige gardsskildringar, men berre opplysningar som trengst for å kunne gje eit godt bilete av sjølve korndyrkinga sett i samanheng med resten av gardsdrifta. Det er gardbrukarane sine erfaringar som ligg til grunn for det som er skrive.

Bestill rapport: agropub@bioforsk.no.

 Last ned PDF: Alle demogardane til rapport for web.pdf